Brudekke over elva Vindøla er ferdig støypt
Ein viktig milepæl i prosjektet er gjennomført. Målet om ferdig støyping av gangbrua blei nådd i løpet av ein effektiv januardag, med levering av 270 kubikkmeter betong jamt og trutt frå morgon til kveld.
- I alt 38 leveransar måtte til før den 71 meter lange brua var ferdig, seier Andreas Bergby, byggeleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune.
Arbeidslaget opplevde fine arbeidsforhold, mellom 1 og 7 grader celsius og lite med nedbør som bidrog til at dei kom i mål med støypinga.
Løyste utfordring med høgspentline
- Vi fekk noko utfordring med høgspentlina som er på vestsida av Vindøla, men dette fekk vi løyst i god dialog med netteigar Svorka AS. Betongen gjekk via tre ulike pumpebilar slik at siste del av støyp kunne utførast utan konflikt med høgspentlina.
På slutten av økta blei støypen tildekt med plast og isolasjon. Dette for å sørge for riktig tempo på herdeprosessen av brudekket, ifølge byggeleiaren. Sidan dette er ei såkalla spennarmert bru, bestod framdrifta av vidare førebuingar til oppspenning av brua.
- 36 kablar for spennarmering ble tredd igjennom røyr som er støypt inn i brudekket, forklarer Bergby.
- Når betongen etter nokre dagar har oppnådd nok fastheit, starta oppspenning av brua saman andre tiltak for fullføring.
Ferdig til sommaren
Etter påske skal brua vere knytt saman med resten av den 1500 meter lange gang- og sykkelveg mellom Vindøla og Røv. Langs strekninga ligg bustader og industri relativt tett inntil fylkesvegen. Prosjektet er ferdig sommaren 2023.