Bruk mobilen, opplev Edøy og Kuli på 800-talet
No kan du reise over tusen år tilbake i tid for å besøke bautasteinen og Edøyskipet på Smøla – digitalt.
Det kan du gjere på mobil eller nettlesar: Med nokre få tastetrykk kan du oppleve øyane Kuli og Edøy på Smøla slik dei kan ha sett ut i jarnalderen.
Den digitale opplevinga som blei lansert den 21. juni, er eit resultat av eit større FoU-samarbeid i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Det er utruleg spennande å kunne gå inn i historia på denne måten, og kunne oppleve ting som framleis ligg i jorda. Det spesielle med Edøy og Kuli er at bitar av historia framleis er ukjente for oss og difor litt mystiske. Vi veit for eksempel at Edøystjerna som du kan sjå i opplevinga er eit gravminne, men ikkje kva stjerneforma faktisk symboliserer, seier prosjektleiar Torgeir Brun i fylkeskommunen.
Målet for prosjektet har vore å utforske korleis nye digitale metodar kan gjenskape kulturarven slik at den blir tilgjengeleg for fleire. Her får du sjå hus og gardar, husdyr, gravhaugar, den mystiske Edøy-stjerna og Kulisteinen som bli rekna som Noregs dåpsattest, i eit område som har vore sentralt i maktkampar og fungert som høvdingsete og kanskje også kongsgard.
- TV-seriar som Vikings og Game of Thrones viser at marknaden er umetteleg for historiske drama. Vi vil vise at vi har ei spanande historie i vår eigen region, seier Brun.
No er opplevinga klar til bruk for alle på www.tidvis.no. Til hausten vil det bli jobba for å få prosjektet ut i skolane, museum og bibliotek.
Bygger på forsking
Den digitale tidsreisa bygger på kunnskap som arkeologar og historikarar har samla om området gjennom mange år, i tillegg til ny forsking og nye spennande funn – slik som funnet av Edøyskipet i 2019, som fekk nasjonal og internasjonal merksemd. Skipet kan du òg oppleve digitalt.
Ragnhild Hutchison i Tidvis Utvikling har jobba tett med forskingsmiljøet for å skape det digitale universet.
- Den digitale opplevinga vi har skapt bygger på forsking. Sauar og andre dyr, landskap, byggeskikk og vegetasjon er så historisk korrekte som vi kan få dei. Ein kan faktisk vandre i eit historisk landskap. Slik har det truleg vore og sett ut. På denne måten kombinerer vi forskaren sitt blikk med digital framstilling, seier Hutchison.
Tidsmaskin og minimuseum
Edøy- og Kuli- opplevingane er eit produkt av prosjektet “Ein bit av historia”.
- Eit tilsvarande digitalt univers er også utvikla for Veøy utanfor Molde, som er inkludert i eit mobilt minimuseum som denne sommaren turnerer biblioteka i fylket. Det skal også etablerast i ei tidsmaskin i Romsdalsmuseet.
- Dei tre prosjekta er publisert på open lisens. Dette betyr at du kan kopiere, distribuere, bruke, endre og bygge vidare på opplevingane.
- Den digitale formidlinga av kulturarven skal legge til rette for produkt og opplevingar som skapar økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdi.
Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og regionalt forskingsfond og er organisert som eit FoU-samarbeid mellom fylkeskommunen, NTNU Vitenskapsmuseet, NIKU – Norsk institutt for kulturminneforskning, Kulturtanken, Nordmøre museum, Romsdalsmuseet, Smøla kommune, Fortidsminneforeningen og Tidvis Utvikling AS. Det er Tidvis Utvikling AS som har stått for programmeringsjobben.