Bussdepot blir dyrare, vil auke prosjektramma til 104 millionar
Krig i Europa, auka materialkostnadar og stor byggeaktivitet i fylket har på kort tid bidratt til at prisen på det planlagde bussdepotet i Kristiansund blir meir enn dobbelt så dyrt som planlagd.
No ber fylkeskommunedirektøren om auka prosjektramme.
I desember 2021 blei det i økonomiplanen sett av 50 millionar kroner til ein ny base i Kristiansund – eit bussdepot – for bussane. I mars blei det gjort nye kalkylar, og i fylkestinget i april i år blei prosjektramma auka til 67 millionar kroner. Til møtet i april tok fylkeskommunedirektøren atterhald: «Tala er hefta med stor uvisse på noverande tidspunkt. Prisane har ikkje stabilisert seg etter pandemien, og den nye uroa i Europa gir ytterlegare uvisse knytt til korleis materialkostnadar vil utvikle seg».
Ny prislapp: 104 millionar kroner
No viser det seg at dei innkomne pristilboda frå anbodskonkurransen som blei lyst ut i juni gjer at prislappen kan bli 104 millionar kroner. Fylkeskommunedirektøren trur det skuldast uro i Europa, prisar som aukar raskare enn vanleg prisstigning og mykje aktivitet på byggeprosjekt i Møre og Romsdal.
Etter at tilboda kom inn, bad fylkeskommunen tilbydarane om eit nytt pristilbod basert på reduksjon i romprogram og opparbeida uteareal til oppstillingsplassar til buss. Hensikta var å prøve å redusere kostnadane. Budsjettet blei då redusert med fem millionar kroner.
Har vurdert fleire alternativ
Utbyggingsutvalet for bygg og vegsaker får fredag saka om bussdepot til behandling, og fylkeskommunedirektøren har i saksframlegget vurdert fleire alternativ for korleis prosjektet i Pilotvegen like ved flyplassen i Kristiansund skal bli tatt vidare.
- Alternativ 0: Avslutte prosjektet på grunn av manglande økonomisk ramme.
- Alternativ 1: Vidareføre prosjektet, men med redusert romprogram og redusert opparbeida uteareal til oppstillingsplassar til buss.
- Alternativ 2: I løpet av hausten 2022 sette i bestilling grunnarbeid/tomteopparbeiding og prosjektering for grunnarbeid. Parallelt utlyse konkurranse om oppsett av midlertidig administrasjonsbygg («modulbygg»).
Fylkeskommunedirektøren innstiller på å vidareføre prosjektet, som alternativ 1, samt å auke prosjektramma til 104 millionar kroner. Ein viktig årsak i den samla vurderinga er at fylkeskommunen har signert ein avtale med Tide om drift av rutepakke 2 i Kristiansund med start frå 1.1.2024, og i realiteten finst det ingen andre alternativ for plassering av depotet for å få på plass bussoppstillingsplassar og naudsynt infrastruktur knytt til lading av el-bussane og servicefunksjonar for Rutepakke 2.
«Fylkeskommunedirektøren kan ikkje tilrå at ein kjem i ein situasjon der vi ikkje har ei tilstrekkeleg tenleg løysing for bussdepot i Kristiansund ved kontraktstart 1. januar 2024», går det fram av saksframlegget.
Dei årlege lånekostnadane på 5,6 millionar kroner, med ei nedbetalingstid på 30 år og 5 prosent renter, er foreslått finansiert innafor eksisterande ramme til samferdsel.
Vil eige bussdepota i fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune vil sjølv eige eller leige bussdepota i alle dei tre byane i fylket. Dette for å gi same vilkår til alle operatørar som vil vere med å konkurrere om drift av kollektivtrafikk/rutepakkar i fylket.
Bussdepotsaka skal vidare til samferdselsutvalet og fylkesutvalet, før endeleg behandling i fylkestinget 17. oktober.