Campuskonferansen 2019: No skjer det!

I haust blir første byggetrinn av Campus Kristiansund teikna. Reguleringsarbeidet er godt i gang, og om halvanna år skal spaden i jorda. Årets Campuskonferanse gir siste nytt om både byggeplanar og om campusmiljøet som veks fram.

Skriv ut

- Campusprosjektet er på veg over i ein heilt ny fase. Før snakka vi om bygget som noko som kjem i framtida, men i løpet av 2019 kjem første byggetrinn til å reise seg på teiknebrettet, seier Roland Mauseth, prosjektleiar for Campus Kristiansund.

Ein heilt ny bydel
Campus Kristiansund vert bygd ut av private utbyggarar som har danna selskapet Devoldholmen Utvikling.

- På konferansen kjem utbyggarane og fortel om framdrifta for prosjektet og kva tankar dei har om utvikling av området. Vi får også høyre frå Kristiansund kommune om byutvikling rundt campus, for her kjem det etter kvart til å vekse fram ein heilt ny og spennande bydel, seier Mauseth.

Fleire studentar og nye utdanningar
Parallelt med byggeprosjektet jobbar høgskolane, fagskolen, høgskolesenteret, forskingsmiljø og næringsaktørar med å utvikle innhald og fagmiljø. Nye utdanningar startar opp hausten 2019 og fleire er under planlegging.
- Høgskolen i Molde veks betydeleg i Kristiansund, både når det gjeld tal studentar og fagtilsette, og vi får høyre om planane deira på konferansen. Men det skjer også mykje spanande med Fagskolen i Kristiansund, og frå hausten av startar Dronnings Mauds minne høgskole opp tilbod her, seier Mauseth. 

Næringslivet som ein integrert del av campus
Campuskonferansen er i år eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum og innovasjonsselskapet Vindel.

- Næringslivet er ein viktig del av campuskonseptet, og derfor er det naturleg for oss å samarbeide om konferansen, sier Monika Eeg, konstituert dagleg leiar i Kristiansund og Nordmøre Næringsforum. Ho påpeikar at Campus Kristiansund ikkje berre handlar om utdanning.

- Ein del næringsaktørar, spesielt dei som driv mykje med utvikling og innovasjon, har ein naturleg plass inne på campus, supplerar Asgeir Hansen, dagleg leiar i Vindel. - Og det er allereie ei rekke bedrifter som bidrar til å utvikle campusmiljøet, men vi treng fleire. Derfor håper vi også næringslivet kjenner si besøkelsestid og blir med på konferansen, avsluttar Hansen.