Dans, musikk, kunst, samhald og glede når ungdom samlast til UKM i Eide

Om få dagar brakar UKM Fylkesfestivalen laus i Eide. 10.-13. oktober møtes ungdommar i alderen 13-20 år frå heile fylket til song og musikk, skapande aktivitetar, konkurransar, sosialt samver og fest.

Skriv ut

Torsdag vert det kunstutstilling, parade gjennom Eide sentrum, og konsert på utescena. UKM, vert rekna som ein av dei viktigaste møteplassane for ungdomskultur her til lands.

Allereie måndag 10. oktober startar ungdomsfestivalen, med meir enn to hundre deltakarar frå alle regionar i Møre og Romsdal. Det blir opningskonsert på kvelden med «The Big Bang», og ordførar Tove Henøen i Hustadvika kommune helsar velkommen. Same kveld vert det «speed friending» for at deltakarane skal bli kjent med kvarandre. Ungdommane som møtes i Eide har tidlegare deltatt på UKM-arrangementa rundt omkring i kommunane.

Proffe instruktørar

Festivalen byr denne gongen på eit breitt utval workshops med profesjonelle utøvarar frå kunst- og kulturfeltet. Her finn vi kurs i «Breaking» med Absence Dance Crew, korsang med Miriam Venås, «Shared reading», høgtlesing med diskusjonar, med Anne Husøy, brettspel med Markus Moestue, magi med Kenneth (Tito) Magic og Aurora Remme, «Redesign» med Marion Øvrelid, der gamle klede får nytt liv, 3D-animasjon med Vebjørn Henni, og audiovisuelt innhald med DIGGA, der ein boltrar seg i lyd og bilder. Her vert ulike kulturuttrykk breitt utforska.

Song og musikk står sentralt, både med eigne aktivitetar og daglege konsertar, og besøk utanfrå. Artisten Tore P frå Sunndalsøra er musikalsk trekkplaster, med eit show på scena i Eidehallen. Tore P lagar eigen musikk, og han kom på andreplass i Idol i 2020.

Unge kunstnarar skal i løpet av festivalen lage ei utstilling med tema «Trippy, psychedelic, meltdown». Dette vert ein stor psykedelisk installasjon som publikum kan gå i når utstillinga opnar i aulaen på Kulturskolen torsdag formiddag. Mentor for kunstnarane og kurator for kunstutstillinga er Hanne Ulla, formidlingsleiar i Møre og Romsdal kunstsenter.

Trygge rammer

Overnatting vert ordna med innandørs teltcamp i Eidehallen, og nattevakter sørger for at ungdommen kan drøyme seg trygt og godt gjennom seine netter. Transport frå dei ulike delane av fylket skjer med eigne oppsette bussar.

Torsdag vert det heile avrunda, med parade gjennom Eide sentrum, og ein avslutningskonsert på utescena som ber namnet Tretind.

- UKM er ein viktig del av Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på UNG kunst og kultur, med hovudmål at alle barn og unge i fylket skal ha tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans der dei kan medverke, skape, lære og meistre, påpeikar Trine Oftedal frå kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Ungdommen sjølv er medarrangør

Ung kultur møtast, UKM, køyrer etter ein ny modell i år, med mindre fokus på konkurranse, og auka fokus på utforskande aktivitetar, trivsel og det sosiale. Som med andre arrangement, har pandemien avgrensa kva som kunne gjerast, og dette er første gong sidan 2019 at ungdommar vert samla til UKM-festival her i fylket.

Ni ungdommar frå heile fylket har planlagt UKM Fylkesfestivalen gjennom mange månadar: Stine Longva Veddegjerde, Hareid, Inge Martin Fossland Løkken, Aure, Vilde Solbakken Kvalvik, Kristiansund, Agathe Beredu Skare, Sande, Marcus Aas Aure, Hustadvika, Marcus Sørstrand, Smøla, Christoffer Lyngstad, Hustadvika, Alvhild Våge, Sande, og Synnøve Vikås, Vestnes. Arrangementet er i regi av UKM, og Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg, i samarbeid med Hustadvika kommune.

Forestillingane er gratis for publikum, og arrangørane vonar at mange støttar opp om UKM fylkesfestival, slik at både deltakarar og gjestar til saman kan skape verdas beste publikum.

Snarvegar

Kontakt