Dei fire hovudutvala har møte denne veka

Sjå oversikta under for meir informasjon om kvart enkelt møte.

Skriv ut

Regional- og næringsutvalet tirsdag 3 . september

Utvalet skal mellom anna behandle søknad om støtte til Midt-Norge - Foregangsregion for sjøtransport, fordeling av breibandsmidlar og støtte til bruk av store data i kommunal planlegging.

Tid: 3. september kl. 10.30

Stad: Eide kommune: kl 10:30. Oppmøte på rådhuset, Eide  

Utvalsmøtet startar med ei orientering om Eide kommune og nye Hustadvika kommune. Politisk møte tek til kl. 13.30 i Bergtatt opplevelser.

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her​

Kontaktpersonar:

  • Runar Vestheim (Uavh.), leiar regional- og næringsutvalet, mob. 911 77 724
  • Bergljot Landstad, regional- og næringssjef, tlf. 71 28 02 13 / 900 89 213

 

​Kultur- og folkehelseutvalet onsdag 4. september

 Likestillingsprisen 2019, idrettsstipend, lokalisering av regionalt Kystpilegrimsenter i Møre og tilskot til kulturbygg, spelemidlar er nokre av sakene som utvalet skal behandle. 

Tid: 4. september kl. 09.30.

Stad: Oppmøte ved Koparnes ferjekai. 

Det politiske møtet tek til kl. 13, ved Hakalle Strandhus, Hakallestranda, 6149 Sande​

Utvalsmøte startar med orientering og omsyning, før det politiske møtet tek til kl. 13.

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.

Kontaktpersonar: 

  • Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar kultur- og folkehelseutvalet, mob. 918 32 844
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef, tlf. 71 28 03 38 / 482 81 547

 

Samferdselsutvalet onsdag 4. september

Høyringsfråsegn til strategisk havneplan 2019-2028 - Ålesundregionens havnevesen, Alternativ tilrettelegging for syklistar ved innføring av sykkelforbod gjennom fv. 62 Øksendalstunnelen, delvis bompengefinansiering av fv. 659 Nordøyvegen - Forslag til lokalpolitisk vedtak 2019 er mellom sakene utvalet skal behandle.

Tid:  4. september kl. 10. 30

Stad: Rom 700, Fylkeshuset

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.

Kontaktpersonar: 

  • Kristin Marie Sørheim (Sp), leiar samferdselsutvalet, mob. 952 86 060 
  • Arild Fuglseth, samferdselssjef, tlf. 71 28 02 67 / 915 30 085

 

Utdanningsutvalet torsdag 5. september

Høyring NOU 2019:12 - Lærekraftig utvikling - Livslang læring for omstilling og konkurranseevne, Oppretting av marginale tilbod med kommunale bidrag og orientering om mobbeknappen er mellom sakene utvalet skal behandle

Tid: torsdag 5. september kl. 10.30

Stad: Fylkeshuset, møterom 700, Molde

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.​​​

Kontaktpersonar:

  • Bjarne Storfold Elde (Ap), leiar utdanningsutvalet, mob. 970 97 29
  • Erik Brekken, fylkesutdanningssjef, tlf. 71 28 03 70 / 481 31 291