Dei store algeaktørane driv svært lønnsamt
Talet på algeaktørar er stigande, og nokre driv svært lønnsamt. Ein av dei fremste i verda held til i Kristiansund.
Dei to største aktørane på verdsbasis driv begge med hausting og prosessering av vill tang og tare. Verdas største algeaktør, Dupont Nutrition Norge AS med fabrikk i Karmøy, hadde i 2020 ei omsetning på 1,4 milliardar kroner og eit driftsresultat på 333 millionar kroner. Dei 141 tilsette kan skilte med ein driftsmargin på 23 prosent.
Nest størst er Algea AS i Kristiansund, som dei siste 80 åra i hovudsak har laga tangmel av grisetang. I fjor omsette det Italia-eigde selskapet for 170 millionar kroner. Driftsresultatet blei på vel 25 millionar kroner, som gir ein driftsmargin på 15 prosent. Algea AS har 46 tilsette.
Les også: - Tang og tare kan bli eit nytt industrieventyr
200 deltakarar
Når bransjen blir samla på Sea to Market-konferansen Algemania i Kristiansund onsdag og torsdag denne veka, er det meldt på 200 deltakarar frå fleire delar av verda. Det er eit teikn på ein bransje i vekst, meiner Rebekka Varne, rådgivar akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune:
- Men den store interessa, og med store aktørar frå blant anna Skottland, USA, Sør-Amerika og New Zealand, fortel også om eit behov for å dele erfaringar. Der er mange som ønsker næringsutvikling langs kysten, men som ikkje heilt har knekt koden, seier Varne.
Det er innanfor oppdrett av tare at potensialet er størst, men også at utfordringane er størst. I Noreg er det i dag berre små anlegg på skjerma lokalitetar som driv taredyrking. Skal det bli hausta større volum, må ein produsere lenger frå land. Det fordrar tekniske løysingar, men også at myndigheitene legg til rette areal, regelverk og forvaltning for taredyrking.
Satsar på tare som mat
Både Lerøy og Orkla vil vere med på oppdrett av tare, og satsar stort på matproduksjon frå havet. Lerøy har i samarbeid med Bellona etablert selskapet Ocean Forest, som har som visjon «å mangedoble matproduksjon fra havet på en bærekraftig måte ved også å høste på lavere nivå i næringskjede». Matvaregiganten Orkla har gjennom sitt dotterselskap Orkla Ocean kjøpt seg inn i Arctic Seaweed, som driv tareoppdrett frå Flekkefjord.
Algemania-konferansen blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Møreforsking AS, Vindel AS, KNN - Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Campus Kristiansund, Høgskolen i Molde og Norges Vel med prosjektet Alget2.