Deltar i eit av Noregs største forskingsprosjekt i vidaregåande skole

Atlanten, Sykkylven, Romsdal, Rauma og Gjermundnes vidaregåande skole og 32 lærararar frå fylket er med i forskingsprosjektet INTERACT, som skal bidra til betre interaksjon mellom lærar og elev. – Det er stort å få vere med i eit av Norges største forskingsprosjekt på vidaregåande skole, seier Hilde Meringdal.

Skriv ut

 I prosjektet får lærarar moglegheita til å vidareutvikle eigen kompetanse innanfor lærar-elev-interaksjonar for å auke engasjementet og læringa hos elevane. 

Forskingsprosjektet starta opp i juni 2021, og skal vere ferdig i 2025. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS) som samarbeider om INTERACT-prosjektet, som blir finansiert av Forskningsrådet. Totalt er 12 skolar og 100 lærarar frå Møre og Romsdal og Rogaland med i forskingsprosjektet.

Stort å få vere part i prosjektet

Rådgivar og prosjektansvarleg for INTERACT frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Meringdal, synes det er spennande å delta i prosjektet. Ho håper at det kan gi nokre interessante funn som kan gi lærarane enda meir i «verktøykassa» i samspel med elevane for å skape engasjement og lærelyst i skolen.

– Det at fleire skolar i Møre og Romsdal får vere part i eit av Noregs største forskingsprosjekt på vidaregåande skole, er stort, og eit slikt prosjekt kan vere med på å utvikle metodikk i klasserommet for å oppnå auke lærelyst i skolen. Det er viktig at praksisfeltet gjennom forsking får moglegheit til å vere med på å utvikle skolen framover, seier Meringdal.

Oppstartsseminar for lærarane

Totalt 12 vidaregåande skolar skal delta i prosjektet – 5 av dei frå Møre og Romsdal og 7 frå Rogaland (sjå eigen faktaboks med namna på dei ulike skolane). Totalt er 100 lærarar med i prosjektet, der 50 av dei er i ei tiltaksgruppe og dei resterande 50 i ei samanlikningsgruppe.

Torsdag 22. september blei det arrangert eit oppstartsseminar for dei 50 lærarane i tiltaksgruppa frå dei ulike skolane. Seminaret blei leia Randi Myklebust Sølvik og Grete S. Vaaland frå Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger. 

På oppstartsseminaret fekk lærarane innblikk i kva som skjer i prosjektet framover, men også ei innføring i det teoretiske rammeverket som prosjektet bygger på, kalla Teaching trough Interactions (TTI). I tillegg blei det orientert om ressursbanken for tiltaksgruppa, og kva ressursar lærarane vil ha for denne gruppa.

Skal filme undervisninga

I tida framover skal lærarane i prosjektet filme undervisninga i sitt eige klasserom. Dei vil vidare ha individuelle samtalar med coachen sin gjennom 7 ulike møte. Det er totalt 10 coachar i prosjektet, som alle er CLASS-sertifiserte og trena opp i kva «briller» dei skal ha på, og kva dei skal sjå etter av klasseromsinteraksjonar i undervisningssituasjonane.

– I INTERACT vil lærarane som deltar i prosjektet få ein coach eller «personleg trener» nærmast, og saman skal dei to ha individuelle samtalar og gå igjennom ulike klasseromssituasjonar og saman finne ut sterke sider ved læraren sin praksis og samtale om korleis denne praksisen kan utvidast i frekvens, lengde og djupn, fortel Vaaland.

Skal styrke lærer-elevinteraksjonen

Målet med INTERACT-prosjektet er å utvikle og evaluere eit nettbasert kompetanseutviklingstiltak for lærarar som kan bidra til å styrke lærer-elevinteraksjonen i vidaregåande opplæring.

– Målet med dette er at ein på sikt blant anna kan seie noko om tiltaket faktisk har ført til et betre læringsutbytte for elevane, seier Vaaland.

- Atlanten VGS

- Sykkylven VGS

- Romsdal VGS

- Rauma VGS

- Gjermundnes VGS

- Gjennom INTERACT får lærarar moglegheita til å vidareutvikle kunnskap innanfor lærer-elev-interaksjonar som igjen kan auke engasjement og læring hos elevane

- Utviklingsprosessen strekker seg over eit skoleår, der læraren med to-tre veker mellomrom gjer videoopptak frå undervisningssituasjonar, har dialog med coachen og legg planar for videre arbeid i eige klasserom.

- Tiltaket strekk seg over eit skoleår og inneber videobaserte profesjonelle samtaler mellom lærer og coach, workshops, webinar og nettressurser.

- Emosjonell støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte er tre sentrale kompetanseområde og for forskingsprosjektet. Alle kompetanseområda i INTERACT har det til felles at dei er valde med utgangpunkt i uttrykte behov frå lærarar i vidaregåande opplæring, samt internasjonal forsking om lærer-elevinteraksjonar og elevengasjement. Særleg vekt er lagt på delen som handlar om læringsstøtte.

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.