Denne gjengen jobbar for trygge ferjekaier

Dei skal tole mykje desse konstruksjonane som sørgar for sikker ilandkøyring for tusentals passasjerar. Med harde krasj frå ferjene inntil 30 gongar per dag, saltvatn og hardt ver, seier det seg sjølv at systematiske kontrollar er viktig. No har vi vore med på tur for å sjå på nært hald korleis arbeidet til fylkeskommunen går føre seg. 

Skriv ut

- Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av 56 ferjekaier og 11 hurtigbåtkaier langs fylkesvegane, fortel avdelingsingeniør Sara Sagild.

- Vi gjer ei årleg inspeksjonsrunde på kaiene, med intensive arbeidsdagar i april og mai. Nokre av kaiene er nedlagde, men blir framleis kontrollert.

Teamet som er på tur denne våren er fylkesvegavdelinga sine ingeniørar Oskar Einarsson, Gøran Ebbestad Krokdal og Sara Sagild. Morten Søvde er med på delar av runden. På inspeksjonsrunden skal dei i hovudsak avdekke manglar og svakheiter ved kaia. Dei sjekkar mellom anna tilstand på betong- og stålkonstruksjonar.

Ser på heile kaia

- Vi ser på kaia som eit heilheitleg objekt, men det gjeld å avdekke skadar og slitasjer ulike stader, forklarar Sagild. 

Det hender ein avdekkar byggefeil som ikkje blei oppdaga umiddelbart, og som har utvikla seg over tid. Fylkeskommunen har ansvaret både for å sjå kva som er akutte feil og manglar, og kva som kan skje på lengre sikt. Ferjekaiene, og fyllingane rundt kaiene, blir og inspisert med dykkar kvart tredje år, for å sikre at heile konstruksjonen blir kontrollert med jamne mellomrom.  

- Folk kan kjenne seg trygge på vi gjer vårt ytterste for å sjekke at tilstanden på ferjekaiene er god, seier byggeleiar Oskar Einarsson. Han har jobba med bygging og vedlikehald av kai, bru og andre konstruksjonar sidan 1984. 

- Ein stor del av inspeksjonen foregår i båt under og rundt kaiene, opplyser han. 

Meir belastning med nye ferjer

Einarsson fortel vidare at det er meir krefter i sving på nyare ferjer, og konstruksjonane på kai har kanskje ikkje vore like mykje utvikla. Moderne propellar på ferjene fører til meir belastning både når dei skal legge til og gå frå kai. Saltvatn og andre forhold utsetjer også materiala for belastning. Teamet har med eigen båt på inspeksjonsrunden, og frå denne blir tilstanden på Brattvåg ferjekai observert på nært hald. 

- Dei eldste delane er frå 1967 og 1980, medan sjølve ferjekaibrua er av nyare dato, seier Senioringeniør Morten Søvde.

- Alle konstruksjonar har ei viss levetid. Vi følger med på korleis dette utviklar seg og melder frå om eventuelle behov for oppgradering.

Sikkerheit ein prioritet

Teamet har tett program dei dagane dei er på vegen, og skal rekke fleire kaier kvar dag. Båten dei brukar skal ikkje vere i vegen for ferjene. Dette er av omsyn både til sikkerheit og ferjeruter.

- Det skal alltid stå ein person på land, og denne har ansvaret for å følge med på uventa hendingar og ferjetidene, seier Sagild. 

- Ein tek alltid atterhald om potensielle farer og ulukker, sjølv om det er lite sannsynleg, avsluttar ho.  

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.