Desse fylkesvegane får ny asfalt i 2021
Møre og Romsdal fylkeskommune skal legge 166,5 kilometer asfalt på fylkesvegane i år. I tillegg er det søkt om statlege midlar til asfaltering av ytterlegare 33 kilometer fylkesvegar.
- Løyvinga til asfalt i år er på 87 mill. kr eks. mva. I tillegg har fylkestinget løyvd 40 millionar kroner til forsterking av dei dårlegaste vegane. Det gjer at 166,5 kilometer av fylkesvegnettet får ny asfalt i år. Rundt 30 kilometer av desse er forsterkingsstrekningar der vi gjer ein større jobb for å auke bereevna før vi legg ny asfalt, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.
Satsing på asfalt
Den totale løyvinga til asfaltering av fylkesvegar i år er 127,5 millionar kroner eks. mva. Det er ei auke på 48,5 millionar frå 2020.
- Det viser ei vilje til å prioritere og satse på drift- og vedlikehald. Kartleggingane våre viser at halvparten av fylkesvegnettet har svært dårleg standard på asfalten og forfallet på asfalt er rekna til ein milliard kroner. Med løyvingar på dette nivået er vi nesten på eit nivå der vi stoppar forfallet på asfalt, fortel fylkesvegsjefen.
Statlege midlar
Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om statlege midlar til asfaltering av ytterlegare 33 km fylkesveg. Tildelinga av desse midlane blir først gjort i april, men strekningane er tatt inn som opsjonar i kontraktane slik at dei kan utførast i år om pengane kjem.
Prioritering
Fylkesvegane som får asfalt blir prioritert ut frå trafikkmengd, samfunnsfunksjon, måling av spor og ujamnheit og visuelle inspeksjonar. Det gjer at det er mange trafikantar som får nyte godt av ny asfalt.
- Baksida er at vi har mange kilometer fylkesvegar med relativt låg trafikk og dårleg standard der vi ikkje kan prioritere midlar til ny asfalt. Der må folk vere førebudd på at vi berre kan gjere mindre tiltak for å sikre framkome og tryggleiken. Dei som treng desse vegane skal kome seg fram, men dei må vere førebudd på å ta omsyn til at vegen ikkje er i god stand, fortel fylkesvegsjefen.
Asfalteringa startar i mai og vil vare til november.
Fylkesvegar som får ny asfalt i 2021*:
* Raude strekningar er ordinær asfaltering. Grøne strekningar er forsterking. For dei blå strekningane er det søkt om statlege midlar og tildelinga skjer først i april. Gjennomføringa er avhengig av at Møre og Romsdal fylkeskommune får tildelt midlane det er søkt om.