Desse utdanningstilboda blir ikkje starta opp i 2020

Ei rekke utdanningstilbod på vidaregåande skole blir ikkje sett i gang i 2020. 

Skriv ut

Fylkestinget vedtok 10. desember å ikkje starte opp fleire tilbod på vg 1, vg2 og vg3  i forbindelse med behandlinga av økonomiplanen 2020.

Elevar som har starta på YSK-utdanning får fullføre på den skolen dei er tatt inn på etter ordinære inntaksreglar.

Desse tilboda vil ikkje bli sett i gang:

Tilbod på Vg1

Kristiansund vgs

Vg1- YSK- tilbodet

Fræna vgs

Vg1- YSK- tilbodet

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Ulstein vgs

Vg1- YSK- tilbodet

Molde vgs

Vg1 Medier og kommunikasjon

Ålesund vgs

Vg1 Studiespesialisering med entreprenørskap og innovasjon

Vg1 YSK-tilbodet

Vg1 Medier og kommunikasjon

Ørsta vgs

Vg1 Frisør, blomster og interiørdesign

Herøy vgs, avdeling Vanylven

Vg1 Studiespesialisering

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Tilbod på Vg2

Spjelkavik vgs

Vg2 Internasjonal baccalaureate

Sunndal vgs

Vg2 Industriteknologi

Gjermundnes vgs

Vg2 Industriteknologi

Haram vgs

Vg2 Kulde- og varmepumpeteknikk

Vg2 Studiespesialisering, utland  (Skottlands-tilbodet)

Stranda vgs

Vg2 Helsearbeidarfag

Sykkylven vgs

Vg2 Barne – og ungdomsarbeidarfag

Tilbod på Vg3

Tingvoll vgs

Vg3 medier og kommunikasjon

 

Fylkestinget vedtok også at det ikkje blir starta opp undervisningstilbod ved Herøy vgs avdeling Vanylven frå hausten 2020.

Les meir om kva tilbod elevar kan søke på i skoleåret 2020/2021 på vilbli.no.

Kontakt