- Det er ikkje eit val for resten av livet
Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm vil ta bort presset som mange 10. klassingar går rundt med akkurat no: Valet dei skal ta om vidaregåande utdanning er ikkje eit val for resten av livet.
Det seier ho i denne episoden av podkasten Frampå, der vi setter søkelys på "Kva skal dei velje?" - 10. klassingene sitt utdanningsval. For mange av dei er det eit veldig krevjande val.
Kompetansesjef Flovikholm får støtte av leiaren av ungdomspanelet, Niels Leenders, i at valet ikkje er avgjerande. Han seier det ikkje går an å velje feil:
- Sjølv om det verkar som eit veldig viktig val, så er det strengt tatt ikkje det. Det går som regel fint, seier Leenders.
Fylkesdirektør Stein Veland i NAV er glad på ungdomane sine vegner over at dei har så mange moglegheiter:
- Det er ei opning innafor alle fag som du kan tenke deg, seier Veland om moglegheitene.
Næringssjef Hilde Aspås minnar om at vi skal lære heile livet, og at valet ungdom tar i dag ikkje er hogd i stein:
- Dei fleste som går inn i eit arbeidsliv no, må endre kurs i løpet av eit langt arbeidsliv, seier næringssjef Hilde Aspås.
1. mars skal rundt 3.000 10. klassingar i fylket velje vidaregåande utdanning. Men kva skal dei velje? Kva er riktig? Kva treng næringslivet? Og går det an å velje feil?
Vi har i podkasten snakka med kompetansesjef Kariann D. Flovikholm, fylkesdirektør i NAV Stein Veland, næringssjef Hilde Aspås og leiaren av ungdomspanelet Niels Lenders.
Programleiarar er Ingvild Dverseth Sæter og Per-Kristian Bratteng.