Dette skal fylkesvegavdelinga bygge dei to neste åra
Trass i krevjande økonomi er aktiviteten høg på planlegging og bygging langs fylkesvegane i Møre og Romsdal. No kan du sjå oversikta over prosjekta fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal byggje eller planlegge i løpet av 2023 og 2024.
Fylkesvegavdelinga har ansvar for om lag 3200 kilometer veg i Møre og Romsdal. Dette er eit vegnett som strekkjer seg like langt som frå Molde til Roma. Langs denne vegstrekninga ligg 62 tunnelar, 54 ferjekaier, og om lag 1000 bruer som fylkeskommunen har ansvar for. Samstundes gir naturomgjevnadene i fylket utfordringar på grunn av bratte fjell og mykje ver og vind.
-Vi har eit krevjande vegnett å drifte og vedlikehalde. Det krev mykje av oss, også når det gjeld beredskap. Sjølv om økonomien utfordrar oss og vedlikehaldsetterslepet veks kvart år, så blir det gjort mykje godt arbeid, og vi jobbar kvar dag for å få mest mogleg trygg og effektiv veg ut av dei midlane vi har tilgjengeleg. Dei neste to åra skal vi bruke om lag 3 milliardar kroner på å vedlikehalde, bygge og planlegge gode tiltak som bidreg til sikker trafikkavvikling i fylket vårt, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.
Viktige tiltak i heile fylket
I det vedtekne plan- og byggjeprogrammet ligg det inne ei lang rekke små og store tiltak som skal bli gjennomført dei to neste åra. Bruer, tunnelar, bypakke, trafikktryggingstiltak, skredsikring, ferjekaier og planleggingsarbeid for store og små prosjekt i heile fylket ligg i oppgåveporteføljen.
Plan- og byggjeprogrammet er ein gjennomføringsplan for det som fylkestinget vedtek i økonomiplanen kvart år i desember. Den viser korleis det som er vedtatt skal bli realisert. Plan- og byggjeprogrammet blir oppdatert kvart år i mars i møte i samferdselsutvalet, og då blir det også gjort endringar i programmet.
- Sjølv om vi på grunn av økonomien må ta ned aktiviteten på ein del område, er det ei lang rekke tiltak vi må gjennomføre. Til dømes må vi oppgradere fleire tunnelar slik at dei oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta og vi må utbetre ein del bruer på grunn av tilstanden dei er i. Vi bygger også nytt. Eit eksempel er Nerlandsøybrua, der vi er i gang med å bygge ny bru for å erstatte den gamle, som er i dårleg forfatning, seier Tønnesen.
Sjå alle prosjekta i kartet
Alle prosjekta i plan- og byggjeprogrammet er lagt inn i eit kart der alle kan gå inn og sjå kva for prosjekt som enten skal byggjast eller planleggast dei neste to åra i Møre og Romsdal. Det er også ein del mindre tiltak, spreidd over heile fylket, som ikkje er kartfesta.
Du kan klikke deg inn på kvart enkelt prosjekt for å sjå detaljar om kva som blir gjort, og når.
Gå til kartet for plan- og byggjeprogrammet for fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.