Dette treng du å vite for å søke skoleplass i 2021/2022

Skal du søke vidaregåande opplæring? Veit du kva du vil søke på? Du kan lese meir om dei ulike utdanningsprogramma i tilbodsheftet til fylkeskommunen.

Skriv ut

Her står det også informasjon om korleis du søker og kva du bør sette deg inn i før du fyller ut søknaden din.

  • Du fyller ut søknaden på vigo.no
  • Det er viktig at du sett deg inn i viktig informasjon før du søker
  • Du må søke meir enn eitt utdanningsprogram og skole til Vg1.
  • Det er også viktig at du fyller ut søknaden riktig. Sjekk at f. eks mobilnummer og e-postadresse stemmer

Studieførebuande utdanningsprogram

Dei studieførebuande utdanningsprogramma tar tre år og gir deg rett til å studere vidare på universitet og høgskolar. Dette er utdanningsprogramma studieførebuing, musikk, dans og drama, idrettsfag, medier og kommunikasjon og kunst, design og handverk. I utdanningsprogrammet for studiespesialisering, kan du velje fordjuping innan realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.

Yrkesfaglege utdanningsprogram

Ønsker du eit praktisk yrke etter vidaregåande opplæring? Vel du yrkesfaglege utdanningsprogram, får du yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. I vidaregåande opplæring finnst det ti yrkesfaglege utdanningsprogram.  Dersom du vel yrkesfag, kan du også få vidare opplæring og oppnå studiekompetanse . Heile oversikta finn du i tilbodsheftet. 

Nyttig å vite:

  • Utdanningsprogram og programområde: Eit utdanningsprogram vel du når du søker Vg1, og visar kva utdanning du ønsker å ta. Utdanningsprogrammet kan gi fleire moglegheiter på Vg2 og Vg3. Desse heiter programområde, og er ei spesialisert retning eller fordjupning innanfor utdanningsprogrammet. 
  • Ungdomsrett: Har du fullført ungdomsskole eller tilsvarande opplæring, har du rett til tre års vidaregående opplæring. Dette er det vi kallar ungdomsrett. Ungdomsretten gjeld ut det skoleåret som begynner det året du fyller 24 år. 
  • Vidaresøking: Ungdomsretten er knytt til utdanningsprogram, ikkje skole. Det betyr at dersom du ikkje konkurrerer deg inn på ein skole du har søkt, vil du få tilbod på eit utdanningsprogram du har søkt eller er kvalifisert til, men på ein annan skole. Det er derfor viktig at du set opp fleire skoler på kvart utdanningsprogram

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt