Digitalisering i drift og vedlikehald av veg: Korleis skal vi bruke alle dataene?

Eit tungt felt med entreprenørar, vegeigarar og leverandørar samla seg i Ålesund for å diskutere korleis digital samhandling kan effektivisere drift og vedlikehald av vegane våre. Det unisone svaret er at dataene er der, men at vi må bli flinkare til å dra nytte av den og dele med kvarandre. 

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte onsdag 7. november til fagsamling på NMK i Ålesund. Over 100 personar med ulike roller i vegforvaltninga, diskuterte korleis digitalisering og bruk av teknologi kan bidra til smartare og betre drift og vedlikehald av vegane våre.   

- Må dele meir 

Aktørar som Nye Veier, Mesta, Veidekke og Risa Entreprenør fekk presentere sine tankar om bruk av teknologi og korleis dei nyttar dette i dag.  

 - I dag har vi høyrt mykje om teknologi og korleis mange brukar dette på ein god måte for å arbeide smartare og rimelegare. Noko av utfordringa er kanskje at vi har store vegeigarar og entreprenørar som alle utviklar sine eigne system og at vi kanskje ikkje er flinke nok til å samarbeide og dele data, sa seksjonsleiar for drift og vedlikehald  i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torgeir Bye. 

Det ble gitt mange gode eksempel på korleis ein kan nytte teknologi på ein god måte i drift og vedlikehald av vegnettet vårt. Magnus Johansen, i Nye Veier AS, fortalte om korleis dei som ein fersk organisasjon har fått bygge sitt eige driftsstøttesystem frå botnen av, som er tilpassa deira kvardag. Dei har mål om å lage eit samhandlingssystem der dei kan samarbeide med driftsentreprenørar.  

Behovsstyrte tiltak 

Nye Veier nyttar entreprenøren Risa AS på sine kontraktar. Stein Arild Boi Pedersen er prosjektingeniør i Risa og ga tilhøyrarane eit innblikk i korleis dei nyttar GPS og sensorar til salting av vintervegar for å få riktig dosering, slik at dei ikkje saltar for mykje og ikkje for lite.  Dei viste korleis dei nyttar sensorteknologi for å jobbe smartare med tunnelvask.  

- Gjennom å bruke sensorar i tunnelane så måler vi når dei faktisk er så skitne at dei må vaskast. Dette kan variere frå tunnel til tunnel. Dette kan føre til at ein sparar store kostnader sidan ein gjennomfører tiltak når det faktisk er behov, og ikkje etter ein fast intervall som er definert i ei kontrakt, sa Boi Pedersen. 

Ein gjengangar frå fagdagen var at aktørane må bli flinkare til å samarbeide og dele. At dei blir flinkare til å definere kva data ein faktisk har behov for og kva den skal bli nytta til. Gjennom god bruk av tilgjengelege data kan ein hente betre dokumentasjon og grunnlag for smartare måtar å gjere arbeidet på.  

På denne måten kan ein gå meir over til tilstandsbasert drift og vedlikehald, basert på kunnskap frå mange datakjelder, som vêrdata, sensorarar, GPS, kunstig intelligens og andre verktøy.  Meir treffsikre tiltak fører til auka trafikktryggleik for dei som skal køyre på vegane våre, og bidreg til høgare grad av oppetid på vegnettet, som er det overordna målet for alle aktørane som jobbar med drift og vedlikehald av vegar. 

     

 

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.