Dobling av jenter som vel bygg- og industrifag i Møre og Romsdal
Når vidaregåande skole startar på måndag, vil rundt 20 prosent av elevane på bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og IT og medieproduksjon vere jenter. Det er nær ei dobling frå 2018.
Tendensen er tydeleg: Fleire jenter vel yrkesfagleg utdanningsprogram – og fleire jenter vel «typiske gutefag». Det er meir enn ei dobling på enkelte fag sidan 2018, ifølge søkartala.
Kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm meiner utviklinga er gledeleg.
- Det er viktig for oss at elevane vel ei utdanning og ein yrkesveg som dei er motiverte for og vil trivast med, uavhengig av om det er flest jenter eller gutar på utdanningsprogrammet dei søker på. At fleire jenter vel utradisjonelt, betyr at vi på kan bryte ned tanken om «jentefag» og «gutefag», seier Flovikholm.
Ho meiner at ungdommane sjølve er dei viktigaste rollemodellane for andre ungdommar.
- Det å sjå at jenter trivast på for eksempel bygg- og anleggsteknikk, gjer at fleire jenter kan vurdere at det er eit aktuelt alternativ også for dei. Elevar som vel utradisjonelt, både jenter og gutar, er altså viktige for at fleire kan velje den utdanninga dei har lyst til.
Kompetansesjefen seier at både Karrieredagane og andre tiltak for å gi ungdomsskoleelevar yrkesrettleiing er viktige arenaer for å vise fram rollemodellar, og for å ufarleggjere og normalisere det å ta utradisjonelle utdanningsval.
Gir godt læringsmiljø
Ørsta er ein av skolane som har lukkast i å skape ein betre kjønnsbalanse på fleire utdanningsprogram. Når skolen startar på måndag, sit det ei jente på om lag halvparten av pultane på bygg og anleggsteknikk, vg1.
- Vi er veldig bevisste på å vise fram jenter i mannsdominerte yrke og gutar i kvinnedominerte yrke, i informasjonsfilmane om studietilboda våre, på hospitering og på open skolen. Det er ikkje nokon grunn til at jenter ikkje skal søke byggfag, dette lykkast dei like godt med som gutane, seier rektor Roger Andre Fylling ved Ørsta vidaregåande skule.
Skolen er også bevisste når dei rekrutterer og har mellom anna kvinneleg lærar i elektrofag og i teknikk- og industrifag. Han er ikkje i tvil – ein god balanse mellom kjønna påverkar også læringsmiljøet.
- Jo nærmare vi kjem halvparten av kvart kjøn, jo betre blir læringsmiljøet og læringstrykket i klassen, seier Fylling.
Fleire jenter på yrkesfag
Delen jenter som vel yrkesfag har gått frå 38 % i 2018 til 41 % i 2022 i Møre og Romsdal.
Auken av kvinnelege søkarar til bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og IT og medieproduksjon har vore jamn:
Linje | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
Bygg- og anleggsteknikk: | 6% | 11% | 10% | 13% | 19% |
Teknologi- og industrifag | 12% | 8% | 15% | 19% | 18% |
IT og medieproduksjon |
|
| 10% | 12% | 24% |
Til samanlikning er delen jenter på bygg- og anleggsteknikk 11 prosent på landsbasis, og 18 prosent på teknologi- og industrifag
For dei andre utdanningsprogramma, er kjønnsbalansen i fylket meir eller mindre status quo dei siste fem åra, med årlege variasjonar. Det kan også vere store regionale forskjellar frå år til år.