Draumedag for Eline saman med arkeologar
For Eline Hauge var draumedagen å leite etter gamle gjenstandar saman med arkeologar. No som kraftlina over Bolsøya i Romsdalsfjorden skal leggast i kabel nær områder der tidelgare er gjort funn, fekk både ho og mora Hanne vere med på ei slik registrering. Og funn vart gjort.
Det var et solid stab på plass då undersøkingane lengst aust på Bolsøya starta denne morgonen. To arkeologar, to medlemer frå Møre detektorlaug, gravemaskin med førar, og Eline og mora Hanne frå Malmefjorden i Hustadvika kommune, begge med metallsøkarar. Fylkeskonservator Bjørn Ringstad dukka også opp på feltet som vart undersøkt.
Stad med funn frå vikingtida
- Vi veit at her har det vore ein stor tingkrets i gamal tid her ute på Tingneset, og det er gjort funn heilt tilbake til vikingtida, i alle fall, seier Bjørn Ringstad, som presenterer seg som fylkeskonservator. Han håpar å gjere ein del funn her, ikkje berre der gravemaskina lagar grøft for straumkabelen, men også med søk med metalldetektor langs traseen.
- Det vart registrert mange funn då bøndene brukte hest og plog. Så kom traktoren, og talet på registreringar gjekk ned. Det er vanskelegare å oppdage noko frå traktorsetet. Så kom metalldetektoren, og etter dette har talet på registrerte funn auka att, fortel Ringstad.
Eline fann gamal jernøks
Eit anna interessant område er staden der Trollpila står, ein vel fem meter høg og smal bauta. I dette området finn vi også ein steinring. Sagnet seier at ei trollkjerring frå Skåla skaut denne pila for å stanse kyrkjebygging på Bolsøya, men bomma. Søk her ligg nokre dagar fram i tid, men Eline og mora tok spaserturen opp i høgda for å ta denne unike bautasteinen i augesyn.
Eline fekk opplæring i søk med metalldetektor, med Svein Ove Myrbostad frå Møre detektorlaug som retttleiar. I løpet av dagen fann ho også det som truleg er del av ei jernøks, gjerne kalla holøks eller celt. Øksa kan vere frå vikingtida, men den kan også vere av nyare dato. I tillegg omfatta funna ein hel del rustne spikrar og naglar, nokre ølboksar, ein svensk eittøring frå 1876, og ei muskettkule frå 1700 eller 1800-talet. I tillegg fekk Eline god rettleiing frå arkeolog og feltleiar Gunhild Stavnes Borøchstein, som blant anna viste henne ei sjakt som dei hadde grave ut og teke kolprøver frå. Her er det påvist aktivitet frå tidlegare kulturar.
Draumedag for mor og dotter
Draumedagen for Eline vart verkeleggjort etter eit MOT-arrangement på Fræna ungdomskole, der Eline er elev. MOT hjelper unge til å bli meir robuste, til å bli betre på livsmeistring, og til å bygge haldningar til mobbing, rus, og liknande.
- Eg er veldig fornøgd med dagen, smiler Eline. - Eg trur vi skal fortsette å leite etter slike gamle ting. Det er interessant, legg ho til. Og mor Hanne er minst like begeistra. Ho har ei sterk interesse for historie, og ein slik dag har vore draumen hennar også sidan barndomen. Det vart altså draumedagen for både mor og dotter.
- Vi skal ikkje rote til nokre gravrøyser eller noko sånt. Vi oppfører oss heilt lovleg, slår Hanne fast.