Drone med varmesøkande kamera kan redde rådyrkje før slåtten
Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal vil teste og prøve ut drone med varmesøkande kamera for å redde rådyrkje i eng før førsteslåtten.
Forbundet har søkt støtte frå fylkeskommunen til eit prosjekt som skal kartlegge korleis bruke dronane til føremålet, kva utstyr som er best egna, kva kompetanse som er naudsynt, egna kartløysing, korleis dronar skal programmerast og verte flydd, samt avdekke kor stort tal av rådyrkje som vert drepne eller lemlesta av slåmaskiner ved hausting av gras ved førsteslått.
Innstiller på 271.000 i støtte
Fylkeskommunedirektøren er innstilt på å gi forbundet 271.000 kroner i støtte. Tilskotet er avgrensa til 50 prosent av totalt kostnadsoverslag.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal avgjere søknaden i møte tysdag 31. januar.
Fylkeskommunedirektøren skriv i saksframlegget at «Kvart år vert tusenvis av rådyrkje kvesta og drepne under førsteslåtten i Norge. Dette er ein stor dyretragedie, i tillegg skaper dei kvesta dyra utfordringar for bonden då restane etter kadavera hamnar i fôret.» Ho meiner at det er positivt at Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal ønsker eit prosjekt på bruk av drone for å finne rådyrkje før førsteslåtten også i vårt fylke.
Brukarmanual for bonden
Prosjektet som NJFF Møre og Romsdal søker støtte til skal utvikle ein brukarmanual for bonden som fortel korleis ein kan gå fram når ein ønsker å bruke drone til å søke etter rådyrkje. Til dømes kva utstyr som bør brukast, løyver ein må ha, søknadar som må sendast inn med meir. Dei vil også sjå kor mange rådyrkje dei greier å redde i prosjektperioden.