Ein skoledag utanom det vanlege for kokke- og servitørspirene

Smaksprøver, konkurransar og foredrag om kokkekunst i verdsklasse var noko av det elevane frå restaurant- og matfag i Møre og Romsdal fekk oppleve på #matspire-dagen tysdag 22. oktober.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune går nye vegar for å rekruttere fleire kokkar og servitørar til reiselivsnæringa. Elevane ved restaurant- og matfag ved dei vidaregåande skolane var tysdag 22.oktober invitert til ein dag med inspirasjon og innblikk i kva kokke- og servitøryrket inneber.

-Reiselivsnæringa i Møre og Romsdal manglar kokkar og servitørar. Vi håpar at dette arrangementet kan bidra til at fleire elevar vel å satse på ei karriere enten som kokk eller som servitør, seier prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på reiseliv, mat og kultur, Jan Sverre Sivertsen.

Det er sju skolar i Møre og Romsdal som tilbyr restaurant- og matfag, og det var elevane ved VG1 som var inviterte. Utstillarar frå matleverandørar og restaurantar delte ut smaksprøver og snakka om råvarer.

Eitt av høgdepunkta var foredrag med Årets kokk og sølvvinnar frå VM i kokkekunst Bocuse d’Or, Christopher William Davidsen. Han delte sine beste stalltips til kva som må til for å bli kokk i verdsklasse.

Alle skolane var med i konkurransen om å bli den første til å stivpiske eggekvite. Stranda gjekk av med sigeren!

Komikar Terje Sporsem var programleiar.

Kontakt