Eit steg nærare realisering av Kulturhamna

Til stor politisk begeistring vedtok fylkestinget dei framlagde planane for å utvikle Kulturhamna og å ta ei leiande rolle i byutviklingsprosjektet i Ålesund.

Skriv ut

Med ein føresetnad om at Ålesund kulturskole blir lokalisert på same plass, vart det bestemt å legge eit vidaregåande tilbod til mellom 450 – 480 elevar til Kulturhamna.

Kjell Neergaard, fylkestingspolitikar og ordførar i Kristiansund, meiner Kulturhamna vil bidra til at Ålesund sentrum blir fylt med liv nesten døgnet rundt. Frå talarstolen viste han til korleis utviklinga av Campus Kristiansund og Normoria har skapt nye synergiar og optimisme i Kristiansund og omlandet.

- Det er eg sikker på at vil skje i Kulturhamna også. Det kjem til å oppstå synergiar mellom fylkeskommunen sitt utdanningstilbod innan kultur, Viti, Teatret vårt og Ålesund kommune sin kulturskole, sa Neergaard.

Livleg kulturkvartal

Det har vore arbeidd med å få seg med store og viktige kulturaktørar som Teatret Vårt og Viti, i tillegg til kommunen sin kulturskole og bibliotek, og andre aktørar som kan gi meirverdi til prosjektet.

Ei arbeidsgruppe har no foreslått å legge studietilbod som kunst, design og arkitektur og musikk, dans og drama til Kulturhamnna, som ein del av Ålesund vidaregåande. I lag med dei andre aktørane, vil Kulturhamna dermed kunne bidra til stor aktivitet døgnet rundt og heile året – og til å gjere byen – og fylket – til ein attraktiv plass å bu- og arbeide.

- Dette blir utvilsamt eit godt sentrumsprosjekt for Ålesund, men det er også eit regionsprosjekt. Det som er bra for Ålesund, er også bra for regionen rundt. Det er positivt at fylkeskommunen tar ei leiande rolle her. Dette er FN sitt berekraftsmål nr 17 i praksis, sa Neergaard om samarbeidsprosjektet.

Samfunnsutviklar

Vedtaket i fylkestinget følger dermed opp avgjerda i desember om å legge 100 administrative fylkeskommunale arbeidsplassar og vidaregåande skole til Kulturhamna,  og å arbeide for å realisere prosjektet i samarbeid med Sørsida utvikling AS, Ålesund kommune, andre offentlege aktørar og moglege private utbyggjarar.

Tysdag vedtok fylkestinget å sette av 2, 5 mill til prosjektleiing til utvikling av kulturhamna på Sørsida.

Her kan du lese saksframlegget.

Kontakt