Eksamen måndag avlyst grunna tekniske problem
Den skriftlege eksamenen, som skulle starte måndag klokka 09 for dei offentlege vidaregåande skolane i Møre og Romsdal, er avlyst. Årsaka er datatekniske problem.
Avgjerda vart tatt måndag klokka 12:45. Elevane i Møre og Romsdal får ikkje ny eksamen, men får dispensasjon med eigen kode på vitnemålet.
Problem måndag morgon
Måndag var den største eksamensdagen ved dei vidaregåande skolane, med mellom anna norsk hovudmål som er obligatorisk for alle vg3-elevane. Allereie på morgonen opplevde elevar at dei ikkje fekk logga seg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Der skulle dei laste ned både oppgåva og vedlegg.
Klokka 10.20 melde Utdanningsdirektoratet at problemet med pålogging, som omfatta heile landet, var løyst. Elevane som ikkje kom seg på nettsida, blei lovd ekstra tid til å løyse eksamensoppgåva.
Lokalt IT-problem
Men problemet fortsette i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune fekk problem med tilgangen til internett for sine skolar i fylket. Dermed var det full stopp for elevane, som verken fekk oppgåva, vedlegg eller tilgang til hjelpemiddel.
Nettverksproblema til skolane vart løyst like før klokka 12.
Med dei problema som elevane vart utsette for, fann Møre og Romsdal fylkeskommune det ikkje forsvarleg å gjennomføre eksamen i Møre og Romsdal, og valte klokka 12:45 å avlyse.
- Veldig beklageleg
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak har medkjensle for elevane, som har jobba hardt mot eksamen, og no opplever at den blir avlyst:
- Dette er veldig beklageleg, seier Hovdenak. – Eg kan forstå elevane, både usikkerheita og frustrasjonen dei kjende på då dei ikkje fekk logga seg på, og at det enda med avlysing. Slikt skal jo ikkje skje.
Fylkeskommunedirektøren seier at i tillegg til problema som Utdanningsdirektoratet hadde, låg tilgangen til internettet for dei vidaregåande skolane i fylket nede.
- Vi er allereie i gang med å finne ut kvifor det har skjedd, og skal jobbe for å unngå at det skjer igjen, seier Hovdenak.
Privatistar
Kompetansesjef Kariann Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at fylkeskommunen vil ta omsyn til at det for nokre grupper, slik som privatistar, kan være avgjerande å gjennomføre dagens eksamen for å få vitnemål.
- Skolane har difor gjort alt dei kan for at privatistane skulle få gjennomføre dagens eksamen, seier Flovikholm.