Eksportnæringane i Møre og Romsdal: status og omstillingsbehov

Kor godt rusta er eksportnæringane i Møre og Romsdal for framtida, og kva skal til for at regionen vår skal oppretthalde konkurransekrafta? 

Skriv ut

-Næringslivet er og har vore motoren for utviklinga i Møre og Romsdal og ein kraftig eksportmotor for Noreg. Men det er store skilnadar mellom næringane, og skal vi behalde posisjonen som eksportfylke, må lønsemda opp i dei næringane som skal kompensere for den forventa reduksjonen i olje og gass, seier næringssjef Bergljot Landstad. 

På oppdrag frå fylkeskommunen har Menon Economics gjort ein analyse av den økonomiske situasjonen til seks av dei viktigaste eksportnæringane; maritim næring, sjømatnæringa, petroleumsnæringa, prosessindustrien, ferdigvareindustrien og reiselivsnæringa. Sett opp mot trendane som vil dominere den økonomiske utviklinga, er også bedriftene si evne til omstilling kartlagt.

I det store bildet er grøn omstilling den viktigaste trenden. Omstilling krev store investeringar. Fleirtalet av bedriftene i fylket meiner at grøn omstilling ikkje berre er nødvendig, men gir moglegheit for vekst. Spesielt gjeld dette maritim næring. Men for å lykkast på den internasjonale marknaden, er det viktig med satsing på både kompetanse, forsking og innovasjon. Her blir det allereie satsa tungt både frå næringa sjølv og styresmaktene på mellom anna pilotering av nye energiberarar, framdriftssystem og nye skipsdesign. Næringslivet etterlyser også meir samarbeid, både innanfor næringane, mellom næringane og mellom næringsliv og det offentlege. 

Dei andre store trendane som vil ha innverknad på den økonomiske utviklinga til eksportnæringane, er smart teknologi/robotisering, endringar i det globale handelsmønsteret og sentralisering.

-Møre og Romsdal har store verdikjeder innafor eit fåtal næringar. Dette gjer oss sårbare for tilbakeslag. 2020 har vore eit spesielt år for alle, men det har gått ekstra hardt ut over reiseliv og delar av den maritime industrien. Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har løyvd pengar til eit langsiktig omstillingsprogram for eksportnæringane, og dette arbeidet startar no, seier Landstad. 

Sjå heile foredraget til Bergljot Landstad under Nyttårskonferansen 2021

Du kan lese rapporten «Omstillingsbehov for Møre og Romsdals eksportnæringer» her.
 

Kontakt