EL 24 Ensiko AS er Årets lærebedrift 2020 i Møre og Romsdal

Prisen går til lærebedrifta El 24 Ensiko fordi dei legg til rette for eit godt lærings- og arbeidsmiljø og har høg gjennomføringsgrad for lærlingane. Prisen blir delt ut for første gong.

Skriv ut

Totalt kom det inn 15 nominasjonar til Årets lærebedrift.

- Det var mange gode kandidatar til prisen, men EL 24 Ensiko merkte seg ut. Vi håper at fleire av lærebedriftene blir nominert også neste år, seier Kari Hoset Ansnes, leiar i Yrkesopplæringsnemnda i Møre og Romsdal fylkeskommune, som stod for tildelinga.

Det er opplæringskontor, lærlingar og andre relevante aktørar som har sendt inn forslag til Årets lærebedrift. 

- Vi har oppretta denne prisen fordi vi ønsker at den skal bidra til positiv merksemd for lærebedrifter. Meir enn nokon gong treng vi at bedrifter tar eit samfunnsansvar og tar inn lærlingar. Vi ønsker å inspirere andre bedrifter til å bli lærebedrifter, seier seksjonsleiar Bjørnar Loe, i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Har høg gjennomføringsgrad for lærlingane sine 

Ålesundsbedrifta EL 24 Ensiko AS har vore godkjent lærebedrift i elektrikarfaget sidan 2006. Yrkesopplæringsnemnda grunngir valet med at  EL 24 Ensiko AS har tilsett lærlingar gjennom fleire år, og dei har høg gjennomføringsgrad for lærlingane og få hevingar av lærekontraktar. Dei legg også til rette for eit godt lærings- og arbeidsmiljø for lærlingane . 

Grunna koronarestriksjonane blir prisen delt ut på bedrifta.  

 

Kontaktpersonar: 

Kari Hoset Ansnes, leiar i Yrkesopplæringsnemnda, tlf: 975 72 507

Bjørnar Loe, seksjonsleiar, tlf: 71 28 03 06 / 920 86 609

Snarvegar