Endring i busstoppane for FRAM ekspress i Trondheim
Bussreisande til Trondheim bør legge merke til endringar i kvar bussen stoppar i Trondheim sentrum.
Frå og med 3. august 2019 endrar regionbussane i Trøndelag på busstoppane i Trondheim sentrum. Det får konsekvensar for rute 905 FRAM Ekspress Ålesund - Molde-Kristiansund-Trondheim som må følge det nye mønsteret.
Bruk desse busstoppane
Dette betyr at følgande busstoppar vil bli betjent mellom City Syd og Trondheim sentralstasjon:
- Bratsbergvegen
- St. Olav hospital
- Dronningens gate (nordgående)
- Prinsens gate (sørgående)
- Trondheim sentralstasjon
Bussruter nær Trondheim vil ha eit eige rute- og busstoppmønster.