Endring i tilbodet med bestillingstransport
I fylket sin økonomiplan for 2023 – 2027 blei det vedteken ei rekkje innsparingar. Tilbodet med bestillingstransport må kuttast og justerast noko, men blir oppretthalde på dei mest hensiktsmessige stadane.
Onsdag 1. mars kjem saka om bestillingstransport opp som ei orienteringssak til samferdselsutvalet.
Bestillingstransport er eit rutetilbod som berre køyrer når nokon har bestilt. Tilbodet er tilgjengeleg i visse område som ikkje har faste ruter med kollektivtransport.
Administrasjonen sitt forslag til fylkestinget var i utgangspunktet å kutte ut bestillingstranstransport i 2023. I vedtaket vart det likevel gjort tilgjengeleg nokre midlar, som gjer det mogleg å fortsetje med bestillingstransport i eit visst omfang..
Nye prisar og alderskategoriar frå 1. april 2023
Frå 1. april 2023 blir all bestillingstransport prisa likt i heile fylket og prisane gjeld alle typar transport som er inkludert i FRAM bestillingstransport. I tillegg til prisjusteringa blir alderskategoriane dei same som på vanleg buss.
Reduksjon i tilbodet frå 1. juni 2023
FRAM har lagt planar for vidare utvikling av tilbodet med bestillingstransport, men den økonomiske situasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune gjer at tiltaka settast på pause i 2023. Dei reknar med å starte opp igjen fleire område på seinare tidspunkt, om den økonomiske situasjonen endrar seg.
I desse områda blir bestillingstransporten sett på pause frå 1. juni 2023:
- Hustadvika
- Molde (Mordalsvågen)
- Rauma
- Skåla (Molde)
- Smøla
- Tingvoll
- Volda (unntatt flyplasstransport)
I desse områda vil det framleis vere bestillingstransport:
- Aure
- Kristiansund
- Haram
- Herøy
- Ørsta
- Volda flyplasstransport