Er bedriftene klare for hydrogen?

Å få på plass ei lønsam hydrogen verdikjede er ikkje lokalt betinga. Bedriftene ønskjer å bidra, men er avhengig av gode nasjonale og regionale fond og låneordningar.

Skriv ut

Noreg satsar friskt på hydrogen. Før sommaren vart regjeringas hydrogenstrategi vedtatt, saman med 120 mill. kroner til innovasjonsprosjekt. Og i forslaget til neste års statsbudsjett er det lagt inn 100 mill. kroner til ei forsterka hydrogensatsing.

Fylkeskommunane Møre og Romsdal og Troms og Finnmark gjekk i sommar ut og spurde bedriftene i begge fylka om kva dei trur og meiner om å få på plass ei lønsam og utsleppsfri verdikjede for hydrogen. Svara tyder på at bedriftene er klare og at dei ser det som eit konkurransefortrinn å bidra til det grøne skiftet. Nær 25 prosent av dei spurde bedriftene leverer i dag varer og tenester som kan inngå i ei hydrogen verdikjede, som for eksempel transport og distribusjon, straumforsyning, hydrogenproduksjon, vedlikehald og bruk i skip og godstransport, og trur dei vil gjere det også dei neste 10 – 20 åra. Dei største bedriftene er betre rusta til å ta i bruk hydrogen enn dei små, noko som må sjåast i samanheng med økonomi. Økonomi og investering blir trekt ram som dei to største barrierane.

Bedriftene i dei to fylka har svart ganske likt, noko som forsterkar konklusjonen om at dette ikkje er lokalt betinga. Bedriftene i begge fylka viser tydeleg interesse og vilje til å bidra til ei hydrogen verdikjede, men dei er avhengige av økonomisk støtte i oppstartfasen. Etablering av fond og låneordningar vil vere viktige nasjonale initiativ. Fylkeskommunane kan bidra med koordinering og kompetanseløft, samt auke forståinga for dei regionale moglegheitene.

Du kan lese rapporten med vedlegg under temasidene til Energi. 

Kontakt