EU-besøk: skal lære av Ålesund, Kristiansund og Molde for å utvikle aldersvenlege samfunn

Denne veka besøker EU-prosjektet AIET Ålesund, Kristiansund og Molde for å finne ut korleis vi møter eldrebølga og legg til rette for gode helse-og sosialtenester.

Skriv ut

Eldrebølga og utfordringa med for få hender i eldreomsorga er bakgrunnen for Erasmus-prosjektet  AIET (Age-friendly society – Innovation – Education and technological solutions), som involverer fylkeskommunen, eldreombodet i Ålesund, Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund og Smartby Molde, i tillegg til partnarar i Estland og Litauen.

1.- 5. mai er det første gong at prosjektgruppa besøker Møre og Romsdal for å lære av oss. Måndag kjem fem lærarar og åtte studentar frå Estland og Litauen til Molde, som er første stopp.

- Korleis dei ulike europeiske landa jobbar for å forbetre og oppretthalde den fysiske, psykiske og sosiale trivselen til eldre er svært ulikt frå land til land. Vi ser at vi kan oppnå mykje ved å lære av kvarandre og dele løysingar. I prosjektet er målet at vi skal finne innovative løysingar for eldreomsorga, utvikle eit kursprogram for studentar og utvikle tenester som vil forbetre livskvaliteten til eldre, seier Cecilia Lillthors, internasjonal rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Resultatet i prosjektet vil kunne brukast i  undervisning i høgare utdanning, til strategisk planlegging av helse- og sosialtenester i kommunane, og for å utvikle innovative tenester og produkt i bedrifter.

Vil lære av Møre og Romsdal

Saman legg prosjektet ut på ein fylkesturné for å sjå korleis det blir jobba med løysingar for dei eldre her i regionen.

3. mai: besøk i Kristiansund, der prosjektgruppa får møte Helseinnovasjonssenteret og Regional responssenter. Testing av VR-briller som blir brukt i undervisning. Presentasjon av Smart City Molde.

4. mai: besøk hos Eldreombudet i Ålesund, i tillegg til NTNU, Fremtidslabben og demonstrasjonsleiligheten for velferdsteknologi.

5 mai: presentasjon av prosjektet Sterk og Stødig. Innovasjonsklassen fra Romsdal vgs med Dignity UB, vil orientere om forretningskonseptet. Work-shop om fremtidas eldreomsorg, med brukarfokus. Til work-shopen er medlemmer av fylkets eldreråd, eldrerådet i Molde kommune og andre invitert. Work-shopen blir leia av Protomore.

Sjå fullstendig program her: 

Kristiansund, Rokilde:

09:30 – Presentasjon av bruk av VR-briller i undervisning, demonstrasjon og testing

11:00 – Introduksjon til Regionalt responssenter og Helseinnovasjonssenteret

12:00 – Lunsj

12:45 – Hospital at Home - Lillian Karlsen Phd- student

13:45 – Presentasjon av Smart-City Molde

10:30 - Besøke Eldreombodet – Bente Lund Jacobsen, ombod

11:00 - Norwegian Smart Care Lab – metodikk for sluttbrukarinvolvering. Marit Hagland, leder

11:45 – Lunsj

12:15 – Buss til NTNU

12:30 - Besøk på Future-lab – og leiligheit med helseteknologi

Molde rådhus

10:00 – Presentasjon av prosjektet Sterk og Stødig, Vivian Sundsbø, fysioterapeut

11:00 - Dialog og informasjonsutveksling

11:30 - Presentasjon, Dignity UB og innovasjonsklassen frå Romsdal vgs

12:00 - Lunsj

12:30 - Innleiing ved Mari Husan, om besøk til alle innbyggarar 75+ i Molde

12:45 -  Work-shop Aldersvennlig samfunn – Partnarar, studentar, tilsette frå kommunen og sluttbrukarar, leia av Protomore

15:00 - Konklusjonar

Tidlegare har Møre og Romsdal fylkeskommune og Eldreombudet besøkt og deltatt i prosjektaktivitet i Tallinn i oktober 2021.

Hovudpartnarar i prosjektet kjem frå Tallinn University og Haapsalu College, Estland og Vilniaus Kolegija (University of Applied Sciences), Litauen.

Kontakt