Får 2 mill. kroner til prosjekt for utsleppsfrie hurtigbåtar

Fylkeskommunen får midlar frå Miljødirektoratet til å utvikle null- og lågutsleppsløysingar i hurtigbåtsamband i fylket.

Skriv ut

Midlane kjem frå Klimasats-ordninga.

- Med politikarar som ønsker å ta del i det grøne skiftet og med nasjonale forventningar om fossilfri kollektivtrafikk innan 2025, så er vi svært glade for at vi igjen har fått støtte frå Klimasats-ordninga til utgreiingar for utsleppsfri hurtigbåt i Møre og Romsdal, seier Marte Berild Hjelle, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Batterielektrisk

Gjennom Klimasats har Møre og Romsdal fylkeskommune søkt om midlar til innkjøp av batterielektrisk hurtigbåt for ruta Langevåg – Ålesund og til å greie ut potensiale for null- og lågutslepp.

Utgreiinga skal mellom mellom anna sjå på seilingsruta, strømnett, ladeinfrastruktur, effektbehov, løysing for automatisk lading og fortøying og tilpassing av anløp og kaier. Den vil også sjå på aktuelle nullutsleppsalternativ på dei ulike rutene og  drøfte visuelle utfordringar og støy frå kaianlegg.

Samle ny kunnskap

Det er planlagt at utgreiingane skal vere ferdig i oktober 2020, slik at desse blir ein del av grunnlaget  for vidareutvikling av hurtigbåtdrifta i fylket.

Utgreiinga vil også bli delt med andre fylkeskommunar og fungere som kunnskapsgrunnlag også for desse.

Møre og Romsdal fylkeskommune leier allereie pilotprosjektet «Batterielektrisk hurtigbåt melllom Langevåg og Ålesund» gjennom Grønt Skipsfartsprogram , der vi er ein av partnarane. Vi vil ta med kunnskap frå denne piloten inn i utgreiingane vi skal til med.

Les meir om Klimasats-tildelinga.

Kontakt