Får fleire tilsette, må ha større lokale

Talet på fylkeskommunalt tilsette ved F13 i Kristiansund er på eit år auka frå 40 til 55. No er det blitt så trongt, at dei treng meir kontorlokale.

Skriv ut

Etableringa av eit tverrfaglig arbeidsmiljø i Kristiansund har vore så vellykka, at det no er inngått avtale med FG Eiendom om å leige 300 m² ekstra lokale i Fosnagata 13, i same bygg som fylkeskommunen har tilhald.

Vil vere til stades i heile fylket

Majoriten av dei tilsette i Kristiansund høyrer til samferdsel. Det er fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen tilfreds med, og han seier det er viktig for fylkeskommunen å vere til stades i heile fylket.

– Som følgje av regionreformen med fleire nye oppgåver på vegområdet, ønsker vi no å bygge  solide kompetansemiljø  både i Ålesund, Molde og Kristiansund, seier Tønnesen.

– Vi har sidan 2020 fått på plass fleire nye tilsette til miljøet i Kristiansund, og eg er veldig glad for å ønske to nye med på laget. Per Gunnar Løset har takka ja til jobben som planprosjektleiar for Todalsprosjektet. I tillegg er Mats Brevik tilsett som planprosjektleiar og kjem flyttande med heile familien heim til Kristiansund, fortel Tønnesen. 

Han seier at begge stillingane er viktige for bygge vidare på kompetansemiljøet lokalisert til Campus Kristiansund, og at det er ein stor fordel å ha denne kompetansen sjølv.

Fleire stillingar er lyst ut

- På samferdselsområdet er det no utlyst to stillingar i kollektivavdelinga Fram, ein prosjektleiar og ein rådgivar. Dette er to nyoppretta stillingar som vi har store forventningar til, og som skal arbeide med mobilitet og utvikle framtidas kollektivtrafikk for heile fylket. I tillegg har bygg- og eigedomsavdelinga no lyst ut to stillingar som prosjektleiarar for bygg, som også kan ha arbeidsstad i Kristiansund. Med dagens teknologiske løysingar og arbeidsform, er det viktig at vi tek i bruk heile fylket når vi etablerer nye  fylkeskommunale arbeidsplassar, seier Tønnesen, som håper at potensielle framtidige arbeidstakarar ser kva moglegheiter som no opnar seg når vi lyser ut stillingar på ulike lokasjonar.

Blir ein del av Campus Kristiansund

Alle fag- og stabsområda til fylkeskommunen er representert i arbeidsfellesskapet på F13, med tilsette både frå kompetanse- og næringsområdet, kultur og samferdsel. Distrikstannklinikken i Kristiansund har hatt adresse Fosnagata 13 i fleire år allereie.

Felles for dei alle er at dei skal over i det nye campusbygget når det står klart i 2024. Då er målet at fylkeskommunen skal ha 70 tilsette tilknytta campusmiljøet, i tillegg til tannklinikken og fagskolen. Dei to største fylkeskommunale arbeidsplassane i Kristiansund, Atlanten og Kristiansund vgs, skal halde til der dei gjer i dag. 

Kontakt