Færre skadar enn frykta på fylkesvegane

Møre og Romsdal fylkeskommune har opna dei fleste fylkesvegane for trafikk i løpet av fredagen. Så langt er det færre skadar på fylkesvegnettet enn frykta etter ekstremvêret Gyda.

Skriv ut

- Vi går no over frå ein akutt- til ein meir normalisert situasjon. Vi har brukt dagen til å kartlegge skredfare, rydde vegar og grøfter, opne drenering, fjerne lausmasse og rydde skog. Så langt har vi ikkje avdekt kritiske skadar og dei aller fleste vegane er opne som normalt, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Ekstremvêret Gyda var tidleg varsla. Det la grunnlaget for gode førebuingar for at vatnet ikkje skulle gjere skade på vegane. Det meiner fylkesvegsjefen er en viktig årsak til at det ser ut til å ha gått bra med fylkesvegnettet.

- I tillegg har vi hatt svært mange på jobb både frå driftsentreprenørane og eigen byggherreorganisasjon. Det har gjort at vi har hatt god overvaking og kort responstid når vi har fått utfordringar, seier han.

Sjølv om det verste uvêret no er over, er det framleis nokre fylkesvegar som er stengt i Møre og Romsdal. Med unntak av vegen til Otterdal i Volda, der det blir nattestengt, er det fredag ettermiddag for alle stengte vegar moglegheiter for omkøyring. Vegtrafikksentralen har alltid oppdaterte vegmeldingar på www.175.no.

Det er fortsatt dårleg vêr og mot slutten av helga er det meldt meir utfordrande vêrforhald. Trafikantane må difor gjennom helga halde seg godt orientert om vêr og føre og trafikkmeldingar på veg og sjø.

Kontakt