Fann vikingsverd i hagen på Vestnes
Heidi Vike Grønningsæter og mannen trudde bitane dei fann i åkeren for to år sidan var gamle restar av ein plog. Fylkeskonservatoren var i derimot ikkje i tvil - Dette er eit vikingsverd.
Kai Grønningsæter fann dei mystiske delane i potetåkeren etter at svigerfar hadde pløygd, på Øverås i Vestnes, i Møre og Romsdal. Han syns det likna eit sverd, men kona Heidi Vike Grønningsæter var ueining. Dei pakka det i handkle og la det i garasjen. Der låg det i to år, inntil kona kom til å tenke på sverdet og tok kontakt med fylkeskonservator Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune, først på facebook, deretter på telefon. Kan desse to rustne delane på bildet vere eit sverd?
- Etter at eg prata med Ringstad har eg nesten ikkje fått sove. Tenk viss det verkeleg var eit vikingsverd? I hagen vår? No er det sikkert, og det er heilt magisk, seier Grønningsæter.
Fylkeskonservatoren brukte ikkje mange sekunda på å fastslå at dei rustne bitane stammar frå eit vikingsverd, då han fekk sjå dei live.
- Dette er eit tveegga vinkingsverd frå mellom 800- og 900-talet, sa han, etter ein kjapp kikk på forma og hjaltet, ved handtaket, som er typisk for sverda i perioden.
Dei to bitane hang i hop då Kai fann dei, men knekte seinare i to. Begge delane er dekt av rustklumpar, men forma av eit sverd er tydeleg.
- Det er ikkje svært godt bevart, men like fullt eit vikingsverd.
Eit sverd er ingen kvardagskost for ein arkelog, eller ein fylkeskonservator. I løpet av tida Ringstad har vore i fylkeskommunen, har han berre vore borte i to sverd. Eit gravde han ut sjølv i Sunndal på 90-talet. Både han og Grønningssæther er prega av situasjonen.
- Det er heilt spesielt å stå her med eit sverd i hendene som ikkje er rørt på over tusen år.
Nessekongar på Vestnes
No er Grønningssæter og mannen spent om der kan vere meir som ligg i jorda, noko fylkeskonservatoren ikkje utelukkar. Like ved potetåkeren ligg ein haug, som arkeologane lurer på om kan ha vore ein gravhaug.
Både funnplassen, haugen og sjølve tomta deira ligg dessutan på eit høgdedrag, med utsikt nordover mot Julsundet på den eine sida, og Rekdal og Tresfjord på den andre sida. Ei perfekt plassering for ei vikinggrav.
I nærområdet ligg det fleire graver, mellom anna på Nerås langs sjøen. I vikingtida skal det ha vore fleire nessekongar som kjempa om makta; kong Bolung på Bolungneset var stadig i konflikt med Gjermund på Gjermundnes, i Vestnes.
- Dei fleste sverd er funne i tilknyting til ei grav. Finn du eit sverd, så kan du finne heile våpensettet med øks, spyd og piler, og verktøy som den døde var begrava med, seier Ringstad.
No kjem arkeologane sannsynlegvis tilbake til Østerås for å gjere nærare undersøkingar av funnplassen.
Så snart som råd blir sverdet levert til NTNU Trondheim for konservering. Der vil tekniske konservatorar mellom anna ta røntgen for å studere metallinnhaldet og sjå om sverdet har ein form for dekor, for eksempel inngraveringar i sølv, og for å stadfeste kor gammalt det er.