Fastbuande på Ona, Sandøy og Orta får prioritet på ferja
Frå 1. juli skal innbyggarane som bor på øyane Ona, Sandøy og Orta – og mjølketanken frå Orta – bli prioritert på utasundsferja.
Ordninga skal gjere at dei fastbuande og arbeidspendlarar ikkje blir hindra i sine reiser til og frå øyane.
Når det frå 1. juli blir gratis å reise på rute 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona, ser ein føre seg auka trafikk og at det kan bli full ferje på dei mest populære ferjeavgangane på helg og i sommarsesongen. Også opning av Nordøyvegen 28. august kan påverke trafikkmengda i sambandet.
Innfører plassbestilling
FRAM innfører frå fredag 1. juli plassbestilling på ferjesambandet. Mannskapet på ferja har kjennskap til alle fastbuande, og i starten kan dei – avhengig av kvar dei reiser frå – gjere eitt av to:
- Fastbuande (busett på Ona, Sandøy og Orta) som reiser frå Ona eller Småge: Møt opp til ferjeavgangen og gjer deg til kjenne for mannskapet.
- Fastbuande (busett på Ona, Sandøy og Orta) som reiser frå Orta, Finnøy eller Sandøya: Ring ferja seinast kl 20 kvelden før avgang for plassbestilling.
- Løysinga fungerer i aller første omgang med mannskapet sitt kjennskap til dei lokale reisande. Men vi vil saman med Ålesund og Aukra kommunar få laga «innbyggarpass» for fastbuande, som vil bli brukt for å få prioritet på ferja, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM.
Vurderer strakstiltak på Småge
Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer strakstiltak på Småge ferjekai, for å møte den auka trafikken på ferjesambandet. Blant anna å sette ned fartsgrensa inn mot ferjekaia frå dagens 80 km/t. Prosessen er allereie i gang.
- Ved lang ferjekø står bilane lengst bak i køa i det eine køyrefeltet, og det kan skape farlege situasjonar, seier Wiig.
- Andre tiltak vi vil gjere, er med enkle grep å legge til rette for fleire parkeringsplassar. I tillegg vil vi med infoskilt gi dei reisande god informasjon, seier han.
Svar på vedtak i mars
Det nye tiltaket er svar på eit vedtak i samferdselsutvalet 2. mars i år. Då fekk administrasjonen i oppgåve å sjå nærmare på korleis ein kunne gjennomføre plassbestilling frå sommaren 2022.
FRAM trur det kan bli auka tal attståande køyretøy på sambandet denne sommaren.
- Særleg for dei reisande til Ona så ber vi dei reisande vurdere samkøyring eller å reise utan bil, dersom det er mogleg, seier Wiig.