Fekk fire mill. i støtte, vil starte nye høgskoletilbod i Kristiansund

Høgskolen i Volda har fått fire millionar kroner i støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til nye studietilbod ved Campus Kristiansund.

Skriv ut

2,7 millionar kroner skal gå til planlegging og drift av Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og 1,2 millionar kroner til å planlegge ei desentralisert grunnskulelærarutdanning – begge studietilbod ved Campus Kristiansund (CKSU). I begge prosjekta samarbeider høgskulen tett med interessentane i CKSU.

Midlane er ein del av til saman 184 millionar kroner, som regjeringa fordeler til desentraliserte utdanningar.  (Lenke opnar i ny fane).

PPU frå hausten 2023

I ei pressemelding frå Høgskolen i Volda (lenke opnar i ny fane) seier studieleiar Bjørnar Sæterås ved Praktisk pedagogisk utdanning at dei har hatt eit godt samarbeid med miljøet i Kristiansund: - Vi kjem til å tilby både PPU-allmennfag og PPU-yrkesfag på deltid i Kristiansund frå hausten 2023.

Lærarutdanning frå hausten 2024

Sæterås sin kollega, seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, seier at planlegging og oppstart av desentralisert grunnskolelærarutdanning på Nordmøre vil krevje mykje ressursar: - I første omgang søker vi midlar til å utvikle fleksibel og desentralisert grunnskolelærarutdanning, og truleg legge til rette for oppstart hausten 2024.

Fylkestinget har løyvd pengar til ein prosjektleiar på CKSU som skal jobbe med utvikling av studietilboda, og der grunnskolelærarutdanning er eitt av satsingsområda.

– Dette er kjempespennande og eit stort steg framover i arbeidet med å få på plass ei grunnskulelærarutdanning i Kristiansund, seier dagleg leiar ved Campus Kristiansund, Roland Mauseth.

Kontakt