Fekk fylkesprisen for Årets bedrift:  - Dette betyr mykje for oss

Det var ein audmjuk mottakar som fekk ståande applaus av fylkestinget.

Skriv ut

Prisen for Årets bedrift 2021 går til Nansen Polar Expeditions AS frå Smøla. Prisen blei delt ut måndag i Ulsteinvik under opninga av fylkestinget.

- Gir oss inspirasjon

Frå bedrifta deltok dagleg leiar Audun Lie Dahl og styremedlem Dagfinn Lien. Dei takka først for prisen:

- Dette var veldig overraskande – hyggeleg – og gir oss ekstremt mykje inspirasjon. Det betyr mykje for oss, sa Audun Lie Dahl.

Deretter fortalde Dahl kort om bedrifta; om at dei bygger ekspedisjonar og tilpassar seg etter kunden sine ønske, at dei har to ekspedisjonsskip, at dei arrangerer ekspedisjonar både i Arktis og Antarktis, at dei nytter lokale råvarer og at bedrifta har fått ekstrem internasjonal merksemd.

- Det er ingen som før har gjort det slik vi har, sa Dahl.

- Ein veldig verdig vinnar

Det er kultur, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune som valde prisvinnar. Leiar av utvalet, Marit Nerås Krogsæter (Sp) fortalde kvifor nettopp Nansen Polar Expeditions AS får prisen: At utvalet legg vekt på å få fram dei gode historiene om korleis bedrifter og lokalsamfunn skaper nye verdiar i fellesskap, at Nansen Polar Expeditions AS sel opplevingar – eksklusive og skreddarsydde polarekspedisjonar for inntil 12 passasjerar. Dei er bevisste på å selge lokale leverandørar når det er mogleg og hensiktsmessig å få til. Det blir servert både kvalkjøt og smølagulrot om bord. Og dei blei etablert i 2019 - året før covid 19 – og satsa friskt i eit internasjonalt marknad i ei tid då pandemien råka og rådde, og gjorde det nærmast umogleg å drive med ekspedisjonar.

- Det er ein veldig verdig vinnar, sa Krogsæter.

Statuttane

Fylkesprisen Årets Bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Prisen skal bidra til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet. Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service.

Prisen var eit kunstverk skapt av kunstnar Ola Stavseng frå Stordal.

Kontakt