Fem millionar kroner til betre studieprogram
Høgskolen i Volda har fått fem millionar kroner til eit samarbeidsprosjekt for auka arbeidsrelevanse i høgare utdanning.
Prosjektet «Praksis-oppdrags-entreprenørskap i medie- og kulturfag» er ei utvikling av samarbeidet om praksisfeltet, utprøving av oppdragsnettverk mellom studentar, arbeidsliv og fagtilsette, og etablering av ei entreprenørskapseining for å auke medie- og kulturfaga sin relevans for arbeidslivet, skriv Høgskolen i Volda på sine nettsider.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av partnarane i samarbeidet. Dei andre er MAFOSS (Maritim foreining Sunnmøre), Nordveggen, Sunnmøre Kulturnæringshage og studentar som er medlem av avdelingsråd ved avdelingane for mediefag og kulturfag ved HVO.
Det er Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse som har løyva pengane, som går til Avdeling for mediefag (AMF) og Avdeling for kulturfag (AKF) ved Høgskolen i Volda.
– Tildelinga betyr at AMF og AKF får moglegheit til å optimalisere kvaliteten i våre studieprogram, spesifikt arbeidslivrelevans, seier dekan ved AMF, Kate Kartveit.
Prosjektet er en spin-off frå Interreg Europe-prosjektet OSS (One Stop Shop), der Møre og Romsdal fylkeskommune leier arbeidet, fortel Malene Aaram Vike, internasjonal rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune:
- Sunnmøre Kulturnæringshage var med til Storbritannia i januar 2019, der vi mellom anna møtte Solent Creatives ved universitetet i Southampton, som jobber veldig bra med å gi kreativ næring-studentar praktiske oppdrag inn mot næringslivet. Ut frå blant anna læringa frå vårt møte i Southampton, har Volda utvikla dette prosjektet. Og det har dei gjort ved å bruke dei internasjonale forprosjektsmidlane som fylkeskommunen har hatt for fyrste gong i 2021, seier Vike.