Ferjestatistikken for 2022: Fraktar meir, færre køyretøy står att
Ferjetrafikken auka i 2022 med 4,4 prosent samanlikna med 2021 og auka med 0,8 prosent mot 2019. Samtidig var det i fjor ein nedgang på heile 15 prosent i attståande bilar samanlikna med 2019.
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar meir enn 20 ferjesamband i fylket vårt. Totalt i 2022 transporterte fylkesvegferjene over 4,2 mill. køyretøy, eller om lag 11 700 køyretøy i snitt kvar dag.
- Ikkje uventa er det gratis-sambanda som har hatt størst prosentvis vekst, medan resterande samband har litt eller inga prosentvis auke samanlikna med 2019 og 2021, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar i FRAM.
Frå 1. juli 2022 bestemde Stortinget at det skulle vere gratis ferje på alle samband som har under 100 000 passasjerar i året. I august 2023 blir tilbodet med gratis ferjer utvida til alle samband som ikkje har alternativ reiseveg til fastlandet.
Færre attståande køyretøy
Talet på attståande køyretøy har gått ned samanlagt på nesten alle samband. Teljinga viser at det i 2022 var om lag 29 000 køyretøy som ikkje fekk plass på ferja og måtte vente til neste avgang. I 2019 var talet over 35 000. I 2021 var det generelt mindre trafikk så der var talet noko lågare med 25 457 køyretøy.
I løpet av dei siste åra har det blitt gjort ei rekkje tiltak rundt ferjene, som at mange samband er gått over til elektrisk drift og fått meir moderne fartøy.
- Det er gledeleg å sjå at tiltaka som er gjort har ein effekt på attståande køyretøy, seier Wiig.
- Frekvensen er auka på fleire samband, og eldre fartøy er skifta ut med meir moderne ferjer som har betre utnytting av plass.
Stabilt eller litt auke på dei største sambanda
Magerholm – Sykkylven er det sambandet med mest trafikk på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Nesten 850 000 køyretøy blei transportert med ferjene her i 2022. Det er ei auke i køyretøy over 6 meter frå 2019 til 2022. Ved ei forenkla tilnærming kan køyretøy under 6 meter være eit bilete for privat trafikk, medan over 6 meter definerast som næringstrafikk. På den måten kan det seie noko om eksport frå fylket, sjølv om ikkje dette på nokon måte gir presis statistikk på eksport.
Sambandet Hareid - Sulesund er nesten like stort som Magerholm - Sykkylven, og hadde meir enn 750 000 køyretøy om bord i ferjene i fjor. Her er det auke på 5,4 prosent samanlikna med 2021, men ein nedgang på 4,3 prosent frå 2019. Køyretøy over 6 meter ligg om lag på same nivå som 2019.
Aukra - Hollingsholmen har ei auke på 4,3 prosent frå 2021 og ein liten nedgang på 0,8 prosent samanlikna med 2019. Auken er spesielt stor på køyretøy over 6 meter samanlikna med 2019.
Åfarnes – Sølsnes har hatt ei utvikling med ei auke på 2,4 og 4,7 prosent samanlikna med 2021 og 2019. Her er det ei auke i både køyretøy over og under 6 meter.
Det same gjeld for Seivika – Tømmervåg som også hadde ei auke på 4,6 og 3,9 prosent samanlikna med 2021 og 2019. Her er det derimot køyretøy under 6 meter som har auka, medan køyretøy over 6 meter held seg om lag på same nivå eller noko under 2021 og 2019.
- Gjennom åra med pandemi vart reisemønsteret påverka, seier Wiig.
- Det er interessant å sjå at sommartrafikken var noko høgare i 2021 enn i 2022, sjølv om det generelt var mindre trafikk resten av året.
Satsar på elektriske ferjer
Med 16 miljøferjer i drift innan 2024 vil CO2 utsleppa vere betydeleg redusert samanlikna med få år sidan. Det er kostbart å legge om kaiene til elektrisk drift, og dei største sambanda har blitt prioritert ut i frå ei kost-nytte-vurdering. Dette er politisk bestemt.