Fire millionar kroner til seismiske undersøkingar

Møre og Romsdal fylkeskommune set av inntil fire millionar kroner til seismiske undersøkingar. Undersøkingane skal greie ut om det er aktuelt å gå vidare med Sande fastlandssamband.

Skriv ut

Dette vedtok samferdselsutvalet onsdag.

Sande fastlandsamband søkte om bidrag frå fylkeskommunen på 10 millionar kroner til nye seismiske undersøkingar av traseen som grunnlag for reguleringsplanarbeidet. Selskapet opplyste i søknaden at arbeidet er kostnadsrekna til 15 millionar kroner.

Fylkestinget har tidlegare i år vedteke retningslinjer for fylkeskommunal deltaking i, og finansiering av vegselskap. Fylkeskommunedirektøren innstilte på å halde seg innanfor det som er definert som maksimalt tilskot i retningslinjene; 5G per år i maksimalt tre år. Tilskottet ville då samla sett bli på i underkant at 1,6 millionar kroner.

I samferdselsutvalet fremma Anders Riise (H) på vegner av seg sjølv, Torgeir Dahl (H), Frank Sve (Frp), Anne Mari Fiksdal (Frp), Kristin Sørheim (Sp), Ingunn Oldervik Golmen (Sp), Geir Inge Lien (Sp), Hege Gagnat (Ap), Jack N. Sæther (Ap) og Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) følgjande forslag, som samrøystes blei vedteke:

«Fylkestinget vedtek å gjennomføre seismiske undersøkingar for å greie ut om det er aktuelt å gå vidare med Sande fastlandssamband. Fylkestinget vedtek å sette av inntil 4 mill. kroner til arbeidet. Beløpet vert å innarbeide i økonomiplanen.»

Snarvegar

Kontakt