Følg med nå: Velkomen til Fylkeskulturkonferansen 2019

Korleis skaper vi framtidas kulturtilbud for barn og unge i Møre og Romsdal? Kva betyr eigentleg kunst og kulturtilbod egentlig for dei?

Desse spørsmåla og mange fleire kan du få svar på under Fylkeskulturkonferansen 2019.

Skriv ut

Onsdag 25. september arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune årets fylkeskulturkonferanse i Sunndal. Temaet for årets konferanse er barne- og ungdomskultur. Som ein viktig del av oppveksten til tusenvis av barn og unge er det naturleg at det offentlege er med å sikre kvaliteten og den allmenne tilgangen til disse tilboda.

Vi ønsker gode innspel og kunnskapsdeling om korleis vi kan gjere dette best mogleg, både frå fagpersonar og andre med erfaring og kunnskap ansvaret, og frå barn og unge sjølve.

Regjeringa jobbar i desse dagar med ei barne- og ungdomskulturmelding. Kva vi forvente av denne, og kva betydning og påvirkning den vil ha på arbeidet med barne- og ungdomskultur i Møre og Romsdal vil bli eit viktig tema på konferansen. Det vil også medverknad vere, korleis kan barn og unge sjølv påvirke og utvikle kulturtilbudet?

Vi har fått med oss eit topplag av innleiarar, kunstnarar og organisasjonar til å guide oss gjennom dagane.

Blant desse er organisasjonar som Norsk kulturskoleråd, Kulturtanken og Norsk Kulturforum – som alle vil delta på konferansen, i tillegg til å stille med innleiarar.  Ved sida av desse har selvfølgelig barn og ungdom ein sentral plass i programmet, både som innleiarar og debattantar, men også med kunstnarlege innslag, det blir vist resultat frå både DJ og poesiworkshop, kor dei unge får instruksjon av profesjonelle utøvarar. Dagen blir avslutta med den spellemannsnominerte musikaren og poeten Trygve Skaug. Velkommen, og hugs... følg med nå!

Snarvegar

Kontakt