Første region i verda som har målt berekraft i FN-regi
Alle kommunar i Møre og Romsdal har kartlagt status på berekraft, i eit unikt pilotprosjekt. No er funna klare og blir presentert i ein omfattande rapport.
Med metodikk utvikla av FN har alle kommunar fått kartlagt korleis dei ligg an på dei 17 berekraftsmåla. Rapporten viser at fylket så vidt hamnar på ‘lysegrønt nivå’.
- Vi skårar lågare enn vi hadde trudd på berekraft samla, og hamnar på 66 % i forhold til FN sine mål. Men vi ligg godt an på digital infrastruktur og på helse og utdanning for å nemne nokre eksempel, seier Ole Helge Haugen, prosjektleiar for berekraftsatsinga i fylkeskommunen, og ansvarleg for analysen av dei 3 000 dataa kommunane har samla inn.
For dårlege på sirkulærøkonomi
Haugen er overraska over at fylket er "raudt” på indikatoren fattigdom.
- Relativ fattigdom, det vil seie fattigdom etter norske forhold, er ei aukande samfunnsutfordring i Møre og Romsdal, som i resten av landet. Dette er ei av årsakene til auken vi ser i utanforskap, særleg blant unge.
Fylket kjem også svakt ut på sirkulærøkonomi og systeminnovasjon, men skårar tilfredsstillande på miljøindikatorar som luftkvalitet og klimagassutslepp.
Foreslår løysingar
Rapporten anbefaler løysingar på fleire av utfordringane kartlegginga peiker på, som fattigdom og auka sosial inkludering, meir digitalisering og berekraftsertifisering.
- Det som kanskje er mest nyskapande av anbefalingane er etablering av eit eige statleg fond for å gjere vann- og avløpsnettet meir berekraftig. Dette bør bli ei nasjonal satsing på eit område med store utfordringar, der Møre og Romsdal kan vise veg, seier Haugen.
Indikatorane som er brukt er laga av ITU (FN sitt standardiseringsorgan) for å gi eit utgangspunkt for å utvikle smartare og meir berekraftige samfunn.
- Det har vore eit krevjande prosjekt for kommunane, men med hjelp frå gode samarbeidspartar og støtte frå FN er vi no i mål, som den einaste og første regionen i verda som har brukt denne metodikken for eit heilt fylke, seier Haugen.
Kommunedirektør i Tingvoll kommune Odd Arild Bugge, seier at ein liten kommune ikkje ville klart å gjennomføre ei slik kartlegging på eigenhand, og at den er sentral for berekraftsarbeidet.
- Kartlegginga er eit viktig grunnlag for kva prioriteringar vi skal gjere framover, og eit godt utgangspunkt for å samordne arbeidet med berekraft, seier Bugge.
Internasjonal interesse
Kari Aina Eik, generalsekretær i Organization for International Economic Relations (OiER ) og leiar av FN sitt arbeid med smarte og berekraftige byar og samfunn, meiner pilotprosjektet har gitt verdifull læring.
- Pilotprosjektet har vore viktig for å utvikle metodikk for å måle berekraft i alle kommunar, også dei minste utkantkommunane. Både andre regionar i Noreg og utlandet ser no med stor interesse på denne piloten, seier Eik som fortel at dette blir FN sin nye standard for slike målingar.
Det er rådgivings- og revisjonsselskapet BDO, som har støtta kommunane i arbeidet med datainnsamling, og kvalitetssikra alle data. Morten Thuve, partnar og avdelingsleiar, leier BDO sitt arbeid med utgreiing og analyse og er ikkje i tvil om at arbeidet med dette prosjektet vil få store ringverknader.
-Denne rapporten er eit godt eksempel på kor viktig det er å sette berekraftarbeidet i system. Ved å analysere og vurdere tilgjengeleg innsikt og data har fylkeskommunen no eit unikt utgangspunkt for både å vurdere kva tiltak som bør settast i verk når – og ikkje minst for å måle progresjon og effekt i den lokale berekraftige samfunnsutviklinga.