Fordeler over ein million kroner til kulturminne i heile fylket

Stabbur i Rauma, byhus i tre i Molde, våningshus i Stordal, stove i Gjemnes, gamleskulen på Giske, utedo og skule i Flåvær er blant dei 16 prosjekta som får støtte til vedlikehald og i standsetting. Sjå kva andre kulturminne i fylket som får tilskot.

Skriv ut

Den 4. februar fordelte Kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune tilskot til i alt 16 prosjekt frå sør til nord i fylket.

Sjå liste over prosjekt som fekk støtte.

Regional betydning

I alt mottok fylkeskommunen 26 søknader om tilskot på nesten 5 millionar kroner.

- Målet med tilskotsordninga er å bidra til vedlikehald og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø, og vi ser at behovet for ei slik økonomisk støtte er stort, seier leiar i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

- Vi har støtta prosjekt som vi meiner har ei betyding for regionen eller som har høg verdi for lokalsamfunnet, seier Krogsæter.

Utedo og gravplass

Prosjekta gjeld i hovudsak bygningar av ulike typar og ulike alder; eit stabbur frå 1600-talet i Rauma, bustadbygg i Ålesund og Molde frå siste århundre, fleire våningshus slik som Karneles-huset på Vinje i Stordal, eit losjehus på Vevang i Eide, ei sjøbu på Runde og skulebygg på Giske og Flåvær. Eit damanlegg i Lesja og ein gravplass i Sande er også blant prosjekta som har fått støtte.

Kontakt