Fordelte 5,6 millionar kroner i spelemidlar til sju kulturbygg
Sju kulturbygg rundt om i fylket har fått tildelt til saman 5,6 millionar kroner i spelemidlar.
Det var eit einstemmig kultur-, næring- og folkehelseutvalet som vedtok fordelinga for 2023, som ser slik ut:
Søkar | Kulturbygg | Kommune | Beløp i kr |
Aukra kommune | Aukra kulturhus | Aukra | 918 000 |
Hustadvika kommune | Utescena i Eide sentrum | Hustadvika | 856 000 |
Røde kors Eidsdal | Rødekors-huset | Fjord | 764 000 |
Stranda kommune | Synnylven samfunnshus | Stranda | 1 000 000 |
Steinsgrenda bygdalag | Steinshallen | Averøy | 310 000 |
Sula kommune | Rørstadmarka kulturscene | Sula | 1 000 000 |
Kristiansund | Bakgården ungdomshus | Kristiansund | 750 000 |
SUM |
|
| 5 598 000 |
Spelemiddel-ordninga er finansiert av overskotet frå Norsk Tipping AS, og er forvalta av fylkeskommunane. Tilskota skal bidra til eigna lokale, bygningar og utomhusarenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet fordelte 5,598 mill. kroner til føremålet i sitt møte 30.08.23. Dette er ein auke på om lag 1,9 mill. kroner frå 2022.
Det er fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer som ligg til grunn for prioriteringane i ordninga. Resultatmåla for ordninga er rehabilitering og eit større mangfald av anlegg, og at anlegga skal vere funksjonelle og miljøvenlege.
I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at «Utover mål og retningslinjer for ordninga, er det i innstillinga tatt omsyn til å fordele midla over heile fylket og å oppnå balanse mellom fordeling til kommune og andre søkarar. Det er også tatt omsyn til kor mange år søkarar har søkt, utan tidlegare å ha fått tildeling.»