– Foreldre blir paralyserte når vi fortel kva som skjer

Richard Merlid, som jobber med forebygging i politiet, fortel om grenselaus adferd i russefeiringa. Men han seier han blir mest forbanna og provosert av korleis enkelte ungdom blir ekskludert.

Skriv ut

Det kjem fram i den siste podkasten Frampå, som handlar om ei eskalerande russefeiring og kva grep som skal til for å  gjere den tryggare og meir inkluderande.

-  Vi opplever ein trend der det blir pusha maksimalt. Her er alt lov, og då er tablettar og narkotika ein del av pakken, seier politibetjent  Richard Merlid.

Politi meiner verken russen eller foreldra er klare over eller forstår kor store konsekvensane uheldige hendingar i russetida kan vere for den enkelte.

- Hvis du blir meldt til politiet, for overgrep eller sal av narko, blir det oppretta straffesak og da får du det på rullebladet. Det vil få konsekvensar for når du skal søke skolar og få deg ei utdanning. Det er mange yrke som krev ein politiattest, for eksempel i Nordsjøen eller i Forsvaret.

Det er også slik at yngre ungdom blir dratt med i feiring, fortel miljørådgivar Kjetil Kirkevåg ved Romsdal vgs. Foreldre er naive, fordi dei ikkje trur at det gjeld sitt barn: – Jo, det gjeld faktisk di dotter eller din son, seier han.

Vil skape trygge rammer

Konkurransen om å vere drygast har tatt av, og det er ein trend som breier om seg, meiner kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune. Samtidig er ho glad for at ungdommen dei siste åra har vore meir opne, slik at vi har fått meir innsikt. Og ho understrekar at langt frå alle er med på dei grenselause handlingane.

- Tidlegare har det vore tradisjon for å sjå på russefeiringa som noko som skjer i fritida, men slik er det ikkje lenger. Det er eit lovpålagt ansvar at elevar skal ha det trygt og godt på skolen. Men både planlegginga og det som skjer i russetida går ut over skolemiljøet. Det tar vi på alvor, og vi vil jobbe for å skape trygge rammer rundt elevane, seier Flovikholm.

Eit grep er at skolane skal vere tidlegare på, realitetsorientere foreldre allereie frå vg1 og snakke med ungdomane. Atlanten vgs. i Kristiansund har gjort tiltak for å skape ei inkluderande russefeiring, og i Ålesund er det starta eit pilotprosjekt som involverer skolane, fylkeskommunen og andre partar, med same mål. I denne forbindelsen har fylkeskommunen samla ei rekke samarbeidspartar for å diskutere korleis russetida skal bli tryggare og meir inkluderande  i podkasten Frampå.

For Merlid er løysinga enkel:

– Hadde vi hatt forbod mot russebilar og russebussar, hadde mykje av problema vore løyst. Russebussen representerer ein breial kjekkaskultur, og det skaper ein masse ugreie aktivitetar for å få vere med. Så kostar det heilt hindsides, seier han.

Nils Niels Leenders, nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal, er tydeleg på at det berre er russen sjølve som kan endre russefeiringa. Men føresette, skolane og andre har ei viktig rolle.

-  Russen treng hjelp til å lære kunne stå i mot trenden.

 

Du kan høyre Frampå via acast.com Podkasten er også tilgjengeleg der du vanlegvis høyrer podkast, blant anna Spotify og Apple Podcast.

Kontakt