Foreslår gratis ferje på sju samband i fylket frå 1. juli

Frå fredag 1. juli kan sju ferjesamband i Møre og Romsdal bli gratis.

Skriv ut

Dei sju sambanda er:

  • Arasvika-Hennset
  • Molde-Sekken
  • Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
  • Festøya-Hundeidvika
  • Sæbø-Leknes
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya (PS: Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis)

Fylkesutvalet får saka til behandling i møtet måndag 27. juni. Fylkeskommunedirektøren foreslår at dei nemnde strekningane blir gratis frå 1. juli, og føreset at Staten fullfinansierer fråfallet av inntekter. Han ber også om at auka kostnadar som følge av behov for auka kapasitet, blir kompensert av Staten.

Budsjetterte inntekter på dei sju sambanda er for 2022 på 13,8 millionar kroner.

Bakgrunnen for innføringa av gratis ferjereiser er at regjeringa vil leggje til rette for busetting og utvikling langs kysten. Dei ønsker ei ordning med gratis ferje til øyer og i ferjesamband med lite trafikk, det vil si samband med færre enn 100.000 reisande per år.

I revidert nasjonalbudsjett blei løyvinga til gratis ferjer auka, og det er til saman sett av 89 millionar kroner for at ei rekke ferjesamband rundt om i Noreg skal bli gratis i 2022.

Fylkeskommunedirektøren er positiv til gratis ferje, men listar opp fleire moglege konsekvensar som vil bli følgt nøye:

  • Lokalreiser og fritidsreiser vil auke i omfang
  • Fleire tar med seg bil/bubil når dei reiser
  • Generelt sett, men særskilt i ferie/høgtider med høg trafikk, aukar faren for attståande bilar på kai
  • Næringstrafikk kan i større grad oppleve å måtte vente til neste avgang
  • Kapasitetsutfordringar på kai og om bord
  • Kapasitetsutfordringar på veg på stader med dårleg framkomst eller ikkje tilrettelagt for høg trafikk

«Fylkeskommunedirektøren presiserer at det ikkje finns økonomisk handlingsrom til å auke produksjonen i inneverande budsjett», går det fram av saksframlegget til fylkesutvalet.

PS: Frå 1. juli blir alle rutenummer på ferjer og hurtigbåtar endra til nasjonale rutenummer.

Snarvegar

Kontakt