Foreslår lågpris på bussen når Ålesund opnar bomstasjonane

Fylkeskommunedirektøren vil at fleire skal køyre kollektivt. Han freistar med sterkt rabatterte bussbillettar i Ålesund byområde, Giske og Sula som eit forsøk for å få innbyggarane til å endre vanar.

Skriv ut

Testperioden på kampanjebillettar skal starte 22. august, same dag som Ålesund opnar bomstasjonane, og vare i tre månader. Håpet er at dei som i dag brukar privatbilen skal oppleve at bussen er eit reelt alternativ, både med tanke på kostnadar og køyretid.

Forslaget om 40 prosent rabatt på billett kjøpt i FRAM-appen blir behandla av rådet for personar med nedsett funksjonsevne, eldrerådet, ungdomspanelet og samferdselsutvalet før endeleg vedtak i fylkesutvalet 8. juni.

Billettkampanjen skal gjelde i Ålesund byområde, i Giske og i Sula (takstsone 300-310, 314, 320-322).

Mista passasjerar under pandemien

Bakgrunnen for saka er at kollektivtrafikken i fylket har mista mange passasjerar under pandemien. Talet på ordinære busspassasjerar var om lag 4 millionar i 2021, ein nedgang på 32 prosent samanlikna med 2019. Også på hurtigbåtane har talet på passasjerar gått ned; i 2021 var det i underkant av 300.000 passasjerar, ein nedgang på 35 prosent samanlikna med 2019.

I mars 2022 er talet på reiser med buss i Møre og Romsdal på om lag 89 prosent av 2019-nivå. Tala kan tyde på at vi er på veg tilbake etter koronapandemien, men det framleis er usikkert kva nivå det endar på. Det er passasjerar som betalar med enkeltbillett som FRAM har mista flest av under pandemien.

Forslaget om ein «kampanje-billett» er eitt av svara på eit vedtak i samferdselsutvalet der utvalet ber fylkeskommunedirektøren greie ut ulike moglegheiter og verktøy for å få fleire til å reise kollektivt – både for å hente tilbake passasjerane som blei borte under pandemien, og for å auke kollektivandelen i heile fylket, og spesielt i byane. Forslaget er også eit svar på ei bestilling frå fylkesutvalet, som bad om ei utgreiing av prøveprosjekt med gratis buss i tre månader.

Må ha fleire tiltak samtidig

Samferdselsområdet i Møre og Romsdal fylkeskommune har laga rapporten «Kva skal til for å få fleire kollektivreiser?»; moglegheiter og verkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt. I rapporten blir det ut frå forsking og erfaringar argumentert med at kampanjar med gratis buss i ein kort og avgrensa periode ikkje er det tiltaket som vil gi best effekt over tid. Gratisbillettar vil fungere i perioden tiltaket gjeld, men så fell trafikantane igjen tilbake til andre eller gamle vanar. «Det er tilbodsauke og taksttiltak i samanheng med andre restriktive tiltak for privatbilen, som har best verknad», heiter det i saksframlegget.

Som eit tidsavgrensa forsøk vil fylkeskommunedirektøren tilrå ein takstreduksjon i Ålesund-området i samband med oppstart av bypakke Ålesund og etablering av bomstasjonar. «Innføring av bompengar vil bidra til å auke bussen sin konkurransekraft. Gjennom bypakkearbeidet skal det og realiserast fleire infrastrukturtiltak som bidrar til å redusere kollektivtrafikkens framføringstid. I kombinasjon med taksttiltak vil dette utgjere ei samla pakke av tiltak som kan gi kollektivtrafikken auka attraktivitet», skriv han.

«Eit reelt alternativ til bilen»

I rapporten blir det konkludert med at «Kollektivtrafikken må få auka konkurransekraft samanlikna med bilen, og det å velje kollektivtrafikk må vere eit reelt alternativ til bilen.»

Fylkeskommunedirektøren ber i same sak om å få jobbe vidare med ei mogleg dobling av frekvensen på FRAM Ekspress mellom Kristiansund og Molde - som eit tiltak for auka frekvens og med det auka attraktivitet – ei løysing som skal optimaliserast for sjukehuset. Og han vil også kome tilbake med detaljerte analyser i område for område i fylket, for å sjå på moglegheita for å optimere kollektivtransportsystemet både når det gjeld tilbod, takst og nye mobilitetsløysingar.

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.