Foreslår ny UKM-modell: Vil utvikle kunst- og kulturtilbod for barn og unge

Fylkesfestivalen i UKM skal bytast ut med fleire mindre festivalar,  juryen erstattast med mentorar og samarbeidet med det profesjonelle og frivillige kunst- og kulturlivet skal styrkast. Onsdag 12. juni skal fylkespolitikarane seie ja eller nei til forslaget.

Skriv ut

Det er kultur- og folkehelseutvalet som behandle den nye modellen.

-  Kvifor har de foreslått å endre UKM?

- Vi har no krav på oss om å evaluere all type drift og ressursbruk. Med den nye modellen vil vi få fleire synergiar mellom dei ulike ordningane våre  og sjå satsinga på barne- og ungdomskulturen under eitt. I tillegg har vi vald å følge forslaget til ny strategi frå UKM Norge, der målet er at ungdom står for planlegging, gjennomføring, evaluering og kunstnarleg innhald i lokale mønstringar eller festivalar, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Ny strategi

Dagleg leiar i UKM Norge, Torstein Siegel, bekreftar at forslaget er heilt  i tråd med UKM Norge sine strategiar.

- Vi applauderer at Møre og Romsdal fylkeskommune tar feltet på alvor og tenker offensivt. Det er også prisverdig at UKM blir sett inn i ein heilskapleg kulturpolitisk samanheng, og at ungdomsmedverknad er eit berande element i den nye modellen, seier Siegel.

Til no har Møre og Romsdal Musikkråd fått tilskot  for å drifte mellom anna fylkesmønstringa i UKM. Wedlog-Olsen påpeiker at musikkrådet har drifta mønstringa på ein veldig god måte, men at dei i den nye modellen ønsker at fylkeskommunen skal ha større eigarskap til ordninga. 

- Musikkrådet har sørga for at Møre og Romsdal har vore eit leiande UKM-fylke og jobba godt for å få ungdom til å delta og medverke, men no er tida moden for å utvikle ordninga, seier Wedlog-Olsen.

Fleire profesjonelle arenaer

Den nye modellen er utvikla etter grundig utreiing og ikkje minst læring frå andre fylke, kommunar, ungdom og det nasjonale UKM-nettverket. Prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen meiner den vil styrke og utvikle all UNG kunst og kultur i fylket og knekke koden for korleis lokalmiljøa og unge kunstnarar og arrangørar kan få fleire ressursar.

- Vi vil i framtida tilby fleire profesjonelle arenaer for å produsere og formidle kunst til alle ungdomar som ønsker det.

Samarbeide med ungdomen

UKM Norge trur likevel ikkje det er lurt å gjere raske endringar utan at dette er forankra i kommunar, lokale UKM og ikkje minst blant ungdommen sjølv.

- Førebels skal politikarane berre ta stilling til rammeverket til ny UKM-modell.

Den endelege modellen vil vi forankre og skape saman med ungdom, kommunar og andre samarbeidspartar, som biblioteka og kulturskolane, seier Kanck Lorentzen.

Kontakt