Forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal er lagt ut på høyring

Strategien gjeld for både næringslivet og kommunal sektor. Høyringsfristen er 7. april 2021

Skriv ut

FoI-strategien skal gjelde for perioden 2021 - 2024 og er ei rullering av FoI-strategiane for perioden 2016 – 2020. Utkastet til ny strategi bygger på innspel frå workshops hausten 2020, som var arrangert både i Kristiansund, Molde og Ålesund.

Oxford Research har evaluert dei no utgåtte FoI-strategiane og Menon har utarbeidd rapporten «Omstillingsbehov i Møre og Romsdals eksportnæringer». Desse rapportane inngår også i kunnskapsgrunnlaget for ny strategi.

-Vi ønskjer spesielt innspel på om strategien peikar på sentrale og aktuelle utfordringar i Møre og Romsdal, og om dei seks prioriterte strategiane svarar på utfordringane og bidrar til å auke innovasjonstakta, seier rådgivar Øyvind Herse.

Gå til høyringa

Forankring

FoI-strategien er forankra i Partnarskap for kompetanse og verdiskaping, som består av Møre og Romsdal fylkeskommune, NHO, LO, KS, Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd, SIVA, NAV og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Styringsgruppa for strategiarbeidet er samansett av representantar frå næringsliv, kommunar, akademia og verkemiddelapparatet.
 

Kontakt