Forskingsaktiviteten i Møre og Romsdal aukar

Prosjekt som har fått støtte til forsking har auka kraftig, og det er marin bransje som står for den største delen. 

Skriv ut

Dette viser årsrapporten 2020 frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal. 

-Talet på innkomne søknadar, tal prosjekt-tildelingar og samla innvilga støttebeløp til verksemder i Møre og Romsdal har aldri vore høgare enn i 2020, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Øyvind Herse. Herse er også sekretariatsleiar i RFF Møre og Romsdal. 

Sidan 2016 har det vore ein jamn auke i forskingsaktiviteten i Møre og Romsdal, og det kraftigaste hoppet skjedde i fjor. 
-2020 var eit spesielt år, der omstillingsbehovet i næringslivet vart ytterlegare utfordra av pandemien. Med ekstra løyvingar frå fylkeskommunen og Kunnskapsdepartementet pluss oppsparte midlar, vart det mogleg å auke støttesatsane, seier Herse.

Flest prosjekt i marin bransje

Halvparten av søknadane i 2020 kom frå marin bransje. Bransjen er prega av mange og til dels nye bedrifter som driv i det biomarine fagfeltet. Også innovasjon i etablert sjømatproduksjon er blant prosjekta som har fått støtte. 

Her kan du lese årsrapporten frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal

Om Regionale forskningsfond Møre og Romsdal 

Regionale forskningsfond (RFF) vart etablert i 2010 med sju fondsregionar. RFF Midt Noreg omfatta Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal. Frå og med 2020 har Møre og Romsdal sitt eige fond, og administreringa av fondet er lagt til Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedtatt prioriteringar og satsingar som skal ligge til grunn for arbeidet i fondet perioden 2020 – 2023. 

Snarvegar

Kontakt