Forventar å gjere nye funn på vikingtidas maktsenter på Edøy

I 2019 fann arkeologane eit langskip. No håper dei at ny teknologi skal hjelpe dei å finne fleire spor frå vikingtida på Edøy. Denne veka startar dei nye søk på øya.  

Skriv ut

Frå onsdag skal Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU) gjennomføre nye georadarundersøkingar på Edøya, nær området der det i 2019 vart funne ei skipsgrav. 

- Vi er nokså sikre på at det er meir å finne på Edøy. No skal vi sjå nærare på eit område mellom skipsgrava og kyrkjegarden på Edøy, eit spennande område som ikkje vart dekka av undersøkingane i 2019, seier Arve Eiken Nytun, arkeolog og delprosjektleiar.

Arbeidet skjer som ein del av programsatsinga Ein bit av historia. Programmet er etablert av fylkeskommunen, i nært samarbeid med Smøla kommune, NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) og fleire andre partnarar.  

Fylkeskommunen testar nyinnkjøpt georadar 

I vinter har Møre og Romsdal fylkeskommune gått til innkjøp av eigen georadar, og prosjektet på Edøya blir dermed den første undersøkinga med dette utstyret. 

-Målet er at vi i større grad kan ta i bruk georadar også i det ordinære arbeidet vår, seier Dahle. - Det erstattar nok ikkje vanleg graving, men er eit godt supplement, og i nokre område kan det også gi ei betre oversikt over kva som finst i bakken enn med gravemaskin. 

Håper å finne hallbygningar og handelsplassar 

Arbeidet på Smøla har også blitt tatt inn i det større forskingsprosjekt “Jernalderens maktsenter på radaren” i regi av NIKU. Her ønsker dei å utvide søka omkring dei påviste skipsgravene, både på Edøya, Gjellestad og Tune, og fleire andre stadar. 

-Vi ønsker å sjå nærmare på områda omkring disse forhistoriske maktsentera, korleis såg dei ut? Kan vi også finne restar av gardar, hallbygningar, religiøse bygningar, handelsplassar, naust og anna i forbindelse med dei kjente gravene? seier Manuel Gabler, forskar ved NIKU. 

Kongsgard på Smøla? 

Dette er også sentrale problemstillingar i Ein Bit av Historia. Dei siste åra har arkeologane i fylkeskommunen gjort eit grundig arbeid for å få tak i meir kunnskap om områda på Innsmøla. -Det kan sjå ut til at Edøya har fungert som kongsgard i tida etter rikssamlinga, strategisk plassert ved inngangen til Trondheimsleia. Skipsgrava tyder jo på at området også tidlegare var etablert som eit viktig høvdingsete, seier Dahle. 

Historia Edøy skal formidlast lokalt og digitalt 

-Eit av hovudmåla er at vi skal kunne få nok kunnskap om området til å rekonstruere dette miljøet digitalt, slik at det kan brukast i digital formidling. Dei digitale modellane vil kunne takast i bruk av både museum og lokalt reiseliv, og kunne vidareutviklast som digitale spel, seier Dahle.  

Ein pilot kan bli ferdig i løpet av året. Ein av dei som ser frem til dette, og som har våre ein viktig pådrivar, er Laila Skaret, kulturrådgivar i Smøla kommune og driftsleiar ved Gurisentret.  

- Gjennom dei funna som er gjort på Edøya vil ei ny side i historieboka om nasjonen Noreg å ta form. Gurisentret vil vere ein viktig aktør i formidlinga av denne historia. Uhyre spennande, seier Skaret og legg til at ho gler seg på vegner av Smøla og regionen.  

Kontakt