Frænaelevar møtte fiskeri- og sjømatministeren
Det er ikkje kvar dag elevar får stille spørsmål direkte til ein minister. Det fekk elevane på fiske og fangst og akvakultur på Fræna vidaregåande skole sjansen til i eit digitalt møte med fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) på fredag.
Statsråden, som hadde tatt initiativ til møtet, fekk spørsmål om alt frå etablering av bedrifter, jobbtryggleik til undervisningsfasilitetar.
Elevane spurte om kvifor andre skolar i andre fylker har så mykje betre undervisningsfasilitetar og skolebåtar enn fylket vårt.
Dei bad han om å forklare korleis det blir jobba for å styrke jobbtryggleiken til fagutdanna i fiskeri og havbruk, i konkurranse med både ufaglært og utanlandsk arbeidskraft.
Elevane var også nysgjerrige på moglegheitene til å etablere nye bedrifter innanfor næringane i åra som kjem.
Respekt for yrkesvalet
Statsråden svarta utdjupande og sa han hadde stor respekt for elevane sitt yrkesval. Han lova at det blir jobba hardt for å sikre norsk fiskeri- og havbruksnæring sine posisjonar, både nasjonalt og internasjonal.
Han avslutta med å oppfordre elevane til å engasjere seg i samfunnsdebattar og politiske miljø for å vere med på å forme si eiga framtid.