FRAM: Framdørene på bussane blir gradvis opna igjen

Smittesituasjonen er betra, og framdørene på bussane blir gradvis opna igjen i Møre og Romsdal. Dørene er framleis stengde i nokre område. Dette er gjort for å verne sjåførane mot smitte.

Skriv ut

I desse områda er framdørene opne igjen:

Hustadvika, Midsund og Aukra (opna måndag 12. oktober)

Smøla og Aure, med unntak av linje 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen (opna tysdag 13. oktober)

Desse områda er har framleis stengde framdører:

Kristiansund og Averøya

Molde og Gjemnes

Langrutene 100 Ålesund-Molde-Kristiansund, 901 Kristiansund-Sunndalsøra-Oppdal, 902 Molde-Eidsvåg-Sunndalsøra-Surnadal og 905 Ålesund-Molde/Kristiansund-Trondheim: framdørene  stengt frå måndag 5. oktober kl. 12.

Ikkje mogleg å kjøpe billett om bord der framdørene er stengde

Så lenge framdørene er stengt, er det ikkje mogleg å kjøpe billett av sjåfør. Det blir heller ikkje mogleg å lese av mobilbillett eller reisekort på billettlesaren framme i bussen.

Vi ber dei reisande om å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen eller med SMS. Merk at det ikkje er nødvendig å ha ein smarttelefon for å kjøpe billett med SMS. Du finn meir informasjon om korleis du kjøper billett på nettsida til FRAM - frammr.no. 

Koronabilletten

For dei som ikkje har mobiltelefon har vi innført koronabilletten. Koronabilletten er ein verdikupong der du merkar av verdien for reisa di. Koronabilletten kan kjøpast på trafikkterminalane eller via FRAM kundesenter.

Det er framleis krav om gyldig billett for å reise med buss sjølv om framdørene er stengt.

Kontakt